Linjer og Fag

Spennande profil
Fjordane Folkehøgskole har ein spennande fagleg profil med stor spennvidde. Lærarstaben er ei fin blanding av unge og erfarne lærarar som vil inspirere deg, følge deg opp og gje deg nye impulsar både fagleg og personleg.

"Mitt beste år"
Uansett kva linje du vel, ligg forholda til rette for at du kan oppleve eit år som gjev deg personleg vekst og utvikling. Mange tidlegare elevar kallar året på Fjordane for "mitt beste år".

Inkluderande
Vi er ein inkluderande skule der målet vårt er at det skal vere plass til alle uavhengig av fagleg nivå og kva tilrettelegging du treng innafor dei rammene vi disponerer. Om du er nybegynnar eller vidarekommen skal du få eit opplegg som er tilpassa ditt nivå. Dette gjeld også dersom du skulle ha behov for eit meir tilpassa opplegg.

Linjefaga utgjer ein stor del av undervisninga vår. 18 timar pr. veke er avsett til dette. I tillegg kan du velge mellom mange valfag.