Livsstilsendring

Eit år med fokus på kosthald, trening, fellesskap og aktivitet. Dette er linja for deg som liker å vere, eller ønsker å bli meir aktiv, og samstundes er motivert for å få hjelp til ein betre livsstil. I tillegg til å følge timeplanen for linja Livstilsendring, vil du nokre timer i veka også få vere med i undervisninga til ei av våre andre linjer her på skulen. Kva linje du vil følge er opp til deg, så her kan du prøve deg på mykje spennande innanfor mange felt.

Vil du vere i førarsete for eigen livsstil og helse, er du opptatt av trening og likar å vere ute i skog og mark gjerne ilag med andre, er dette linja for deg!

 

Små endringar i kost og aktivitetsvaner vil få deg til å oppleve betre utholdenhet. Du orker meir! Vårt mål er å hjelpe deg til å få til ein varig livsstilsendring. God støtte fra medelevane og lærarane bidrar til motivasjon, og kvardagane blir mykje kjekkare når vi er ilag med likesinna. Du vil lære mykje om ulike emner innanfor den linja du vil følge, både teoretisk og praktisk, men hovedfokuset er på deg sjølv.

Har du allereie gjort ein god del endringar i livsstilen din, men vil fortsette å ha fokus på eigen aktivitet og trening, kan du få eit opplegg som tar utgangspunkt i din ståstad og samtidig få oppleve meir på ei linje du ønsker å følge.

Vi er opptatt av at du skal få oppleve korleis riktig kosthold, trening, meistring og samhold med andre kan vere bra for deg og sjølvfølelsen din.

 
 

Hos oss vil du få variert trening og betre mental helse. Skulen vår ligg i vakre Nordfjord, og vi bruker naturen rundt oss mykje i treningsarbeidet. Variasjon i aktivitetane styrker din indre motivasjon og gjev deg innsikt i ulike måter å trene på.

Å vere i aktivitet skal vere gøy, då blir det mykje lettare. Ved å gjere aktivitetane ilag med medelevane opplever du ein følelse av samhold, og då blir treninga til noko positivt som du vil gjere igjen. Vi helper deg med å sette realistiske mål, og har fokus på å ta eitt skritt om gongen. Vi har mange flotte turområde som passar for alle.

Er det dårlig vær så er det muleg å bruke treningsrommet på skulen, vi har også ein idrettshall med basseng som næraste nabo.

Gjennom yoga får vi tid til å ta ta vare på kroppen vår. Vi kan stresse ned gjennom gode pusteteknikkar, samtidig som vi trener musklane og skjelettet. Du vil få oppleve vanleg yoga, danseyoga og power goddess yoga, som er yoga med styrketrening.

For å få smidighet i kroppen er det viktig at vi er innom stretching og styrketrening. Desse faga er fast på timeplanen, og gjennomføringa er både ute og inne.

Vel du å følge hestelinja vil du i tillegg til dine medelevar få ein treningspartnar i hesten. Det gjev meining når vi kan ta med oss hesten i treninga vår. Vi har selskap, og hesten er av natur eit dyr som likar å vere i bevegelse og set stor pris på å vere med. Det ligg til rette for at du kan ha med eigen hest på linja.

Du lærer korleis du med små endringar i matvanene kan oppnå store resultat. Du vil få lage god mat som du kan kose deg med, og du skal vere god og mett. Du vil lære alt om kva du bør spise mykje av og kva du helst bør unngå, og ha fokus på eit variert og næringsrikt kosthold.

Varig livsstilsendring handlar også om å ha innsikt i korleis kroppen vår fungerer, og vi er difor innom anatomi og fysiologi.

Vi samarbeider med helsesøster og trenarar, og vil ha knytta til oss ein ernæringsfysiolog. Dette er eit lavterskeltilbod som passar for alle, uansett nivå. Du vil få eit stort utbytte av dette året, uavhengig av om du har mykje eller lite kunnskap om trening og kosthald.


Spørsmål om livsstilendringslinja?
Bruk kontaktskjema eller ring oss på 57889880.

Søke om plass?

Eg ønsker å søke om plass på livsstilsendring.