Bu og fritid

Linje for Bu og fritid

Linje for deg som treng spesiell tilrettelegging

Denne linja passar for deg som treng litt hjelp i kvardagen, som ønskjer trening i å bu for deg sjølv, vil være sosial og trivast saman med andre. På linja går det 6-8 elevar som har lærevanskar/lettare utviklingshemming. Du får 18 veketimar på eiga linje i tillegg til 6 veketimar fellesfag og mulighetar til å velje valfag saman med dei andre elevane. På skulen vil du gå saman med 70 andre elevar frå heile landet.

Du lærer:

- å samarbeide og bu saman med andre

- å vere ute i naturen, vere fysisk aktiv og ta vare på helsa

- å halde rommet ryddig og reint

- å bruke vaskemaskin og å vaske kle

- å ta ansvar for fellesoppgåver på internatet

- å lage god og sunn mat

- å bruke kulturtilbod i nærmiljøet, finne på kjekke fritidsaktivitetar

- å gjere enkle arbeidsoppgåver på kjøkkenet og i stallen

- å styre pengar og eigen økonomi



Bu og fritid + hest

I tillegg til undervisning på di eiga linje får du eit tilbud om opplæring i ulike hestefag som er tilpassa dine interesser. (For denne kombinasjonen må du betale ekstra da utgifter til leige av hest, ridehall og div. utstyr kjem til.)

Bu og fritid + kunst

Er du heller interessert i å vere kreativ og likar å male, teikne og jobbe med leire, eller vil du helst berre lage bilder? Då kan du få eit opplegg på vår kunst/foto/glass linja.

Dette oppplever du:

eit år saman med mange andre ungdommar

elevkveldar på skulen

turar åleine i gruppa eller saman med dei andre elevane

fellesaktivitetar

besøk på kino og i svømmehallen

Eksempel på ting du må kunne fra før:-ta vare på personleg hygiene som dusj og tannpuss-mestre av- og påkledning-stå opp og legge deg sjølv -klare deg sjølv i periodar på kveld og helg på internatet (Det vil alltid vere ein tilsett på vakt.)

Det blir gjennomført ei funksjonskartlegging av tilretteleggingsbehovet før opptak.

Turar:

Vi brukar naturen som er rund oss og er mye ute. Vi reisar på lokale turar og "blåturar" i regionen Nordfjord/Sunnmøre. I tillegg til ein utanlandstur der ein kan velge mellom å vere med hestelevane til Danmark eller dei andre elevane til Spania.

For å gå på denne linja er eleven avhengig av tilskot gjennom NAV. Det er eleven som må søke, men skulen hjelper til med dokumentasjonen som trengs.

Søknads-/opptaksfrist:

Den normale opptaksfristen, som på andre linjer er 1. februar, gjeld ikkje for denne linja. Du kan søkje og bli teken opp heile året. Det er ønskjeleg fra skulen si side at du er tidleg ute med søknaden din!

Spørsmål om Bu og fritid?
Bruk kontaktskjema eller ring oss på 57889880.

Her kan du søkje om plass på Bu og fritidslinja