Felles- og valfag

Lokale turar

Vi legg opp til ein del fritidsaktivitetar i fellesskap. Vi brukar aktivt nærmiljøet til dagsturar, overnattingsturar (valfritt ute eller inne) og besøk til kjende reisemål som t.d. Briksdalsbreen, Geirangerfjorden og Selje kloster. På våren skal heile skulen til en av Norges skulte perler: Hoddevika. Her får vi surfe på ein av dei 10 beste surfestadene i verda , nyte vakker natur, få yogatimar og eller treningstimar. Dette må oppleves!Fellesfaga ved skulen inneheld litt forskjellig. Fast på timeplanen er infotime og fysisk aktivitet. Elles kan det vere prosjekt, temadagar, aktivitetsdagar og seminar med gjesteforelesarar. Vi ønskjer at du skal få oppleve forskjellige ting i løpet av året på Fjordane.

Fellesfaga ved skulen inneheld litt forskjellig. Fast på timeplanen er infotime og fysisk aktivitet. Elles kan det vere prosjekt, temadagar, aktivitetsdagar og seminar med gjesteforelesarar. Vi ønskjer at du skal få oppleve forskjellige ting i løpet av året på Fjordane

Elevkveldar
Ein kveld i månaden arrangerer elevane elevkveld der dei sjølve er ansvarleg for god mat og underhaldning. Ofte vel ein eit tema for kvelden.

Felles skuletur

Nytt av året er ein felles skuletur til eit reisemål utenom europa. Denne turen er fortsatt under planlegging. Utgiftene til turen er ikkje med i skulepengane og er derfor frivillig om du vil være med på. Mulige reisemål vil være Sri Lanka eller Costa Rica. Turen vil gi deg ein innblikk i lokal kultur og historie, fellesopplevelser og samhold.

Linjeturar
Linjetur er ein viktig og populær del av skuleåret. Hos oss legg vi opp til turar på kvar linje. Disse turane skal gi deg inspirasjon /motivasjon/fagleg påfyll og opplevelser knyttet opp mot det som interesserer deg mest.

Sirkuslinja. Som ein ekstra godbit tilbyr skulen eit spennande studiebesøk ved ein sirkusskule i utlandet som f.eks. DOCH, www.uniarts.se (Sverige), Chapitô (Portugal) og Circus University Codarts Circus Arts, http://www.codarts.nl/circus/. Dei siste åra har

sirkuslinje besøkt Circus Cirkør i Stockholm. Her har ein fått trene med svenske sirkuspedagogar og opplevd kva byen Stockholm har å by på. I år går turen til Rotterdam i Nederland. Turen er inkludert i linjekostnadene.

Hest Allround og Hest, Ride- og Køyresport har elevane valget mellom å dra til Herning i Danmark eller til Lisboa i Portugal hvor du kan ri på godt skulerte lusitanohester. I Danmark besøker vi Hingstekåringen for Dansk Varmblods, et storslått arrangement med hest 5 dagar til ende. Messa har ca 55.000 besøkande kvart år, og ein får i tillegg til sjølve kåringa oppleve dressur- og sprangklassar på elitenivå, gallashow og uendelege shoppingmulighetar. Innlagt i turen er også besøk på stutteri eller hestesenter, og vi bur trivelig på vandrarheim i Silkeborg, der kveldane går med til sosiale aktivitetar, kos og moro. Turene er ikkje inkludert i linjekostnadene.

Kunstinja reiser til Malaga i Spania. I månedsskifte mars/april reiser klassen på linjetur. Turen har dei siste åra vore til Spania, nærare bestemt Andalucia. Området Andalucia har ein rik kulturarv, kor det nordafrikanske og europeiske er blanda saman på ein unikt vis. Me freistar å sjå/oppleve delar av dette i vid forstand og «up close». Fin kust, arkitektur, dans, mat og folkeliv. Ein dag på stranda blir det også tid til.Vi er innom byane Granada, Madrid og Sevilla. Vi besøker populære reisemål som t.d. La Alhambra. Turen er inkludert i linjekostnadene

Dersom det er stemning for å oppleve ein europeisk storby legger vi opp til ein ekstra linjetur om hausten. Denne er frivillig og er ikkje inkludert i skulepengane. Vil du ikkje være med får du eige undervisningsopplegg på skulen.

Vikingliv skal på tokt til Island, vest- og austlandet.
Før flyet tek oss til Island vil vi bruke eit par dagar til å få med oss det beste austlandet og Oslo har å by på frå vikingtida.

Vestlandet og Island har mykje til felles. Trangen til frihet og lynnet vårt. Sagaene og historia som vi deler. Museum, historiske stader, besøk på Alltinget, sjå naturen, lære meir om runer og norrøn-tale mål. Sjå det Snorre sjølv såg. Møte folk som studer historie og språk på Island.

Dei modigaste får prøve seg på å ri – og glima-bryting, Islands tradisjonelle nasjonalsport. Men alle får prøve å bade i varmekjelder og sjå landskapet, med isbre, som deler av Game of Thrones er spilt inn i. Ein vil merke at ein er eit land der lava og is har forma naturen. Tid til å bli litt kjent med folket og Reykjavik står også på timeplanen. Turen er inkludert i linjekostnadene.

Livsstilsendring

Turen for denne linja er ikkje bestemt ennå. Her kan elevane velje å bli med på ein av dei andre linjeturane eller vi reiser til eit flott sted i Europa som blir bestemt ilag med elevane på linje. Turen er ikkje inkludert i linjekostnadene.

Valfag

Du kan velge mellom ca 15 til 20 ulike valfag. Desse kan vere litt forskjellige fra år til år. Men dei siste åra har vi hatt valfag i svømming, klaring, foto, gitar, dans, hest, voltige, strikking, sirkus, kunst, årbok, salmaker, fysisk aktivitet, stretsjing osv.

 
Opplev Nordfjord Sirkus i Sverige Danmark er populært Spania i vårsol og varme fellesdans.jpg innsamling.jpg IMG_5327.jpg