Hest, Allround

Hest, Allround

Eit kjekt år med hest!

På Hest Allround får du ein variert hestekvardag, der du er innom mange spennande emner innanfor hestefaget. Dette er linja for deg som gjerne vil få prøve litt forskjellig, alt frå vanleg dressur og sprangriding, til skogskøyring, langturar og for eksempel riding med halsreim. Du har sjølv mulighet til å forme mykje av innhaldet i året etter dine eigne interesser.


På hest allround treng du ikkje ha noko tidlegare erfaring med hest, undervisninga blir tilpassa deg på ditt nivå. Du vil få ein kjekk kvardag med passe utfordringar, enten du er erfaren, om du aldri har ridd eller om du har ridd mest på tur. Klassa blir delt inn i mindre grupper i undervisninga.


Stor spennvidde i det du lærer

Dressur - startar vi med det grunnleggande, og jobbar oss oppover. I løpet av året er du innom øvingar frå LD til LA. Vi har to timar i veka til disposisjon, der vi har fullt fokus på klassisk dressur i den ein av timane, og den andre timen kan brukast til andre alternativ som bruksriding, gymkhana eller det de sjølv ønsker. Det er også muleg å bruke begge timane til vanleg dressur.

Vi legg stor vekt på ein god og balansert grunnsits, noko som er viktig i alle disiplinar og all riding.

Kommunikasjon mellom deg og hesten din er og noko vi ønsker å jobbe med. Målet er at du og hesten skal ha eit bra samspel i alle situasjonar.

Ein time i veka er det sprangriding. På desse timane skjer det mykje forskjellig, som bakkearbeid over bommar, gymnastikkhopping, banetrening, caprilli, og om våren hoppar vi ute i terrenget.

Gruppene i sprang blir sett saman ut ifrå kva nivå og interesse ein har for det. Dersom du ikkje er så begeistra for å hoppe, eller kanskje synes det er litt skummelt, så tek vi omsyn til dette, og jobbar mot å finne tryggleik og glede.

Dersom du er veldig glad i sprang og ikkje kan få nok av det, er det muleg å få ekstra sprangtimar om du blir med på valfag sprang.

Hovuddelen av køyreundervisninga går føre seg på utebana der du lærer grunnleggande dressurøvingar og presisjonskøyring. Du får også prøve køyring med ulike typar vogner. Innimellom køyrer vi på tur i idylliske Eid, og kanskje blir det ein liten is på vegen ein solvarm dag. Du får lære brukskøyring og innføring i køyring med tospann. Vi har også tilgang til travspor.

Om du aldri har køyrt med hest før, eller om du har med din eigen hest og har mykje erfaring, så vil du få eit tilpassa opplegg som passar nettopp for deg.

Skulen har mange trygge og gode køyrehestar.

Her kan du velge å komplettere med valgfag tømmekøyring, som kan gje deg ei betre forståing og allsidig trening.

Hestehald/hestehandtering er vi innom mange ulike emner som vil gjere deg meir komplett og kompetent som hesteperson. Leietrening, hingstehandtering, mønstring, longering, tømmelongering, lasting og transport av hest, tannsjekk, helsesjekk, pulstrening, sjukdomar, stell, hesten sine fysiologiske behov, avl, fôring, unghesthandtering og mykje meir.

Salmakar – i byrjinga av skuleåret har vi faget salmakar, der du lærer å reparere og sy i lær. Alle lagar sitt eige leietau i lær med kjetting. Etter den felles innføringa, kan du velge å gå vidare på salmakar valfag, der du for eksempel kan lage di eiga handsydde lærgrime, hundeutstyr eller reparere dine eigne ting. Dette kan vere moro å prøve dersom du funderer på ei karriere som salmakar sjølv. Det er fleire elevar som jobbar vidare som salmakar på heiltid, deltid eller hobbybasis, etter at dei har gått på Fjordane.

Blir du med i denne gruppa på facebook kan du følge Katrine i tida vidare i lære som salmakar:

Beslag – her får du teoretisk innføring i hoven sin anatomi og funksjon, før vi går i gang med praktiske øvingar. Du lærer å ta av sko, beskjære og slå på sko. Alle som har det daglege ansvaret for ein hest, bør kunne ta av ein sko når det er nødvendig. Her lærer du gjennom å øve på skoing av våre snille skulehestar.

Dette er god øving og praksis dersom du vurderer å bli hovslager. Nina er ein tidleare elev som gjekk i lære hos våre hovslagarar på 2. året på skulen, og no jobbar ho som hovslagar. Her kan du lese meir om på hennar facebookside.

Du får lære all den viktige basisen du treng i ride- og køyreteori. I dette faget går vi igjennom øvingane vi rir/køyrer på timane. Vi prøvar å kombinere teorien samtidig med det som blir undervist i praksis, slik at du får størst muleg forståing for det vi jobbar med.

Hestekunnskap - lærer du om kva det vil sei å ha hest i forhold til forskrifter, kva som kan vere viktig å tenke på om du kjøper eller selger hest, har hest på fôr eller leiger/låner, kontrakt, forsikring og kven som har ansvar om det skjer noko.

Har du ikkje grønt kort, så får du mulighet til å ta det i løpet av året. Grønt kort er eit bevis ein må ha for å få starte konkurransar over klubbnivå. Her går vi mellom anna gjennom konkurransereglement og sikkerhet rundt hestehandtering.

Du får lære om massasje og stretching av hesten din. Vi er også innom hesten i trafikken, riding i utmark, fargelære, stalldrift, treningslære og hesten si åtferd: «kvifor gjer dei dei på dette viset?».

Utstyrstimane er populære og fører til mange lærerike diskusjonar. Her prøver vi å vere mykje i stallen, slik at du får øve deg i praksis på bandasjering, klargjering av hest for konkurranse og utstilling, barbering, trimming, fletting og knopping. Frisering av forskjellege hestar, alt etter rasestandard og bruksområde.

Du får også lære om tilpassing av dekken, hodelag, bitt og sal. Som regel har vi saltilpassar på besøk ein gong i halvåret for deg som ønsker meir hjelp. Vi går også gjennom forskjellege typar av bitt og deira innverknad på hesten.

Ein time i veka er det terapiriding på timeplanen, der elevane er med og hjelper til. Her deltek personar med ulike handicap frå heile distriktet, og du får vere med på å gje dei eit viktig tilbod saman med hesten.

Kom i bedre form! Ein time i veka har du ryttartrening. I disse timane trener vi styrke og kondisjon. Vi har blant anna eit eige styrketreningsprogram utforma spesielt for deg som ryttar. I tillegg har vi stretching som ein del av programmet.

Som ryttar er det svært viktig å trene og vere i form, også når ein ikkje er på hesteryggen. Treninga har fokus på å trene opp kjernemuskulaturen og kondisjonen som krevst for å bli ein bedre ryttar. Dette kan gje deg bedre balanse, utholdenhet og bedre sits.


Stretching er også ein viktig del av ryttartreninga. Her har vi fokus på å tøye dei musklane som lett blir stramme og støle etter riding. Dette er veldig godt likt blant elevane.

Stell og stallteneste; hestefaget er meir enn berre riding difor er det naturleg at vi tar del i den daglege stalldrifta.

Spørsmål om hestelinja?

Bruk kontaktskjema eller ring oss på 57889880.

Ønskjer du å søkje?
Eg ønskjer å søkje om plass på Hest, Allround.