Erfarne og flinke skulehestar både til riding og køyring!

Erfarne og flinke skulehestar både til riding og køyring!

Oskar- dølahesten vår

Oskar- dølahesten vår

Oskar Oskar er det nyaste tilskotet i gjengen av skulehestar. Han er ein stor og stødig dølahest. Han er stabil i dressur, og også mykje brukt i voltige. ...  Les mer   
Elvira - den allsidige.

Elvira - den allsidige.

Elvira, 2. premiert hoppe Elvira er ei vakker 2. premiert hoppe. Ho er ein allsidig hest, som kan brukast i dei fleste greiner. Ho er fornøgd enten ho går dressur, sprang eller voltige. Som hopper flest har ho ofte sine eigne meiningar om korleis ting skal gjerast, men ein kjem som regel alltid til einigheit når ein berre fortel ho kva som er best. ...  Les mer   
Solsidens Sandro

Solsidens Sandro

Solsidens Sandro, vallak Sandro er ein hest med stor arbeidskapasitet og mykje energi. Han er ein veldig kjekk hest å ri, går øvingar til LA i dressur og hoppar med stor iver. Han er dessutan ein super køyrehest, og stødig på tur. ...  Les mer   
Madonna

Madonna

Madonna Madonna lever opp til namnet sitt, ho er ei verkeleg vakker hoppe, som i tillegg er utrulig snill. Ho er ein trivelig hest i bruk, fin i dressur, lett på foten i sprang og veldig kjekk i køyringa. ...  Les mer   
Morkel

Morkel

Morkel, vallak Morkel er ein veldig kjekk vallak, som berre er søt og snill dagen lang. Han er ein særs god lærehest, som kan sine saker både i dressur og sprang. I tillegg er han ein svært god køyrehest som har gjeve mange elevar gode opplevingar bak taumane. ...  Les mer   
Gråa - arbeidsjernet

Gråa - arbeidsjernet

Gråa, hoppe Gråa er eit arbeidsjern utan sidestykke. Ho har alltid mykje framdrift og pågangsmot, i både dressur og sprang. Ho hoppar som ei kule, og gjev alltid ryttaren sin ei god oppleving på sprangtimane. Gråa plukkar stort sett med seg ei sløyfe eller to når ho deltek på stevner. Ho går øvingar til LA dressur. I tillegg til at Gråa er kjekk i bruk, er ho ein veldig trivelig hest å ha med å gjere. ...  Les mer   
Monifax - læremesteren

Monifax - læremesteren

Monifax, vallak Monifax er ein særs god og allsidig lærehest. Han har hevda seg i konkurransar heilt opp på landsnivå med elevar frå Fjordane. Han har bronse frå NM køyring, og konkurrerer opptil middels klasser i dressur, 1 meter sprang og middels køyring. Monifax er ein livleg hest med glimt i auget, og som gjev ryttaren sin mykje glede. Monifax tok sølv for seniorar samanlagt og Greinmeisterskapen i dressur under NM for fjordhest i 2009 saman med Beate Hausken, elev ved Fjordane Folkehøgskule. ...  Les mer   
Nina - den pliktoppfyllande

Nina - den pliktoppfyllande

Nina er den ultimate lærehesten. Ho held høgt nivå både i dressur, køyring og sprang. Ho er ei stjerne på sprangtimane, og hoppar meir enn gjerne det som blir sett opp. Ho er også øvelsessterk og arbeidsvillig i dressuren, og som køyrehest er ho heilt unik! Nina er ein hest som alle blir glade i og set pris på. ...  Les mer   
Guss Guss

Guss Guss

Guss Guss Guss Guss er veldig glad i å hoppe. Han går som ei kule i sprangen, og hoppar alt du styrer han på. I dressur går han øvingar til LB/LA dressur, og han er i tillegg ein kjekk køyrehest. ...  Les mer   
Øydrago

Øydrago

Øydrago Øydrago er ein stor og stødig vallak. Han hoppar godt og går øvingar til LB/LA i dressur. Han er kjekk på tur, ein super voltigehest og ein trivelig kosebamse på stallen. ...  Les mer   
Soria

Soria

Soria Soria er ei stor hoppe som er veldig kjekk i bruk. Ho går øvingar til LA i dressur, og er klar for dei fleste utfordringar i sprangen. ...  Les mer   

Fleire bilde av skulehestane finn du på Facebook