Les elevbloggar

Les elevbloggar

Hestesenteret

Senteret blei raskt ein av dei plassane som eg brukte mest tid på. Eg tar meg av passhesten min, dullar og gjer det hyggeleg for han. Eg sit og ser på undervisning og det er alltid nokon på senteret som du kan snakke med. Men dei som og er på senteret er jo hestane – alle dei utrulege og herlege fjordingane. Eg har fått eit heilt anna syn på fjordingar sidan eg kom opp her. Dei er ikkje nokre late gampar – tru meg!

Korrekt riding

Som sagt kunne eg ikkje mykje om "korrekt" riding sidan eg berre hadde ridd på tur. Eg fekk ein kjempeflink ridelærar som inspirerte og oppmuntra meg. Dressur blei etterkvart det eg likte best, og ettersom eg kanskje var litt håplaus i begynninga, gjorde eg bra framgang. Ikkje bli redd for å søke på skulen sjølv om du ikkje føler du kan så mykje - det går bra – eg er beviset. Eg lærte ganske fort kva som var rett diagonal og nedsittande trav går greit med litt trening (og litt mørbanka rumpe.) No har eg fått oppleva å ha hesten på tøylen og at vi jobbar bra i lag. Kven hadde vel trudd at eg skulle få oppleva å vinne LC på stevne her oppe? Ikkje eg i alle fall! Monifax hadde nok eit ord med i laget då – flink og rutinert – drømmeprinsen!

Sjølv om eg likar dressur best, likar eg absolutt sprang og! Då eg kom her, hadde eg kun hoppa ein gong før, og då berre to eller tre hinder etter kvarandre, aldri ei bane. Men hopping blei det, og eg blei utfordra i alle fall psykisk mange gonger! Sprang er kjempemoro! No kan eg hoppe bane, eg kan hoppe mur og andre skumle saker. "–Sitt, sitt, sitt! Se på neste hinder!" Eg syns eg kan høyre desse orda i hovudet kvar gong eg hoppar.

 
 

Køyring innandørs er luksus

Folkehøgskulen disponerer kjempefine anlegg til hesteundervisninga, og mykje av køyringa foregår innandørs(!!) når veret er for dårleg til å vere ute i. Eg merka at eg hadde stor nytte av køyringa etter kvart i dressuren. I begynnelsen tømkjørte vi ein del, og spenninga var stor då vi fekk spenne for og køyre på skikkeleg. Litt skummelt var det jo òg… No har eg i alle fall sånn ca. kontroll på hesten og meg sjølv. Køyring er ein annan måte å bruke hesten på som eg har stor sans for, og det er også ein annan måte å bruke hjerna på. Du har få hjelparar og er avhengig av å lære å bruke dei rett. Du må stole meir på hesten, og får ei heilt anna oppleving av hesten enn når du rir. Når du får det til, og hesten går bra, kan du ta deg i å smile frå øyre til øyre, og du får følelse av at hesten syns det er like moro som deg.

Mange ulike fag

Her lærer eg om ting eg er interessert i. Og eg lærer ting eg får nytte av. Korleis sette opp ein fôrplan? Kva skal eg gjere dersom hesten min har fått eit sår? Kvifor får hestar så lett kolikk? Kva er forfangenhet? Sidan eg har hest heime, har eg alt fått nytte av dette.

Lærer å sko

Gjett kva? No kan eg ta av ein sko, eg kan beskjære ein hov, og eg kan faktisk slå på ein sko. Med litt trening vil det kanskje ta litt mindre tid og sjå litt finare ut, men vi får ta ein hov om gongen. Beslag tar lang tid, det er tungt, og visst hesten ikkje står i ro er det eit blodslit. Ja, eg raspar meg alltid opp, så som regel blir det litt blodsøl med meg. Men eg satsar på at øving gjer meister! Her ein dag hjelpte eg senteret sin lærling å sko hesten sin. Gøy, frustrerande og litt blodsøl, men hesten fekk då sko til slutt og to blide jenter kunne fornøgd konstatere at hesten ikkje var sømstukken…

Det blei mitt år

Eg trivs her oppe i Eid. Eg er i stallen, på skulen, på paviljongen, med vennene mine, med hestane "mine," i Eid. Alltid noko å ta seg til, alltid nokon å prate med. Eg ser fram til showtrening, voltige, og elles stunt me kjem til å finne på til showet. Men eg kvir meg òg. Til at det heile tar slutt og eg må heim til kvardagen. Korleis vil det bli å bu på eit rom utan Ingrid? Kven skal eg prate med når alle er spredt for alle vindar, kven skal eg ri på tur med? Korleis skal eg klare å ta farvel med Monifax og Thomas, dei to hestane eg har blitt mest "knytta" til? Uansett – allereie no sit eg igjen med minner frå kjekke elevkveldar og utflukter, frå timar og møte med mange ulike folk. "Mitt år" skraut folkehøgskulekatalogen av – det er absolutt "mitt år", og eg ville ikkje ha bytta det med noko anna.

Kristine T. Sæverud