Hestelinjer med stor variasjon og høg kvalitet!

Hestelinjer med stor variasjon og høg kvalitet!

Stort avslutningsshow

På våren peilar vi oss inn mot vårt store avslutningsshow. Dette er eit samarbeid mellom alle tre hestelinjane. Avslutningsshowet blir vist for eit stort publikum på hingsteutstillinga for fjordhest, og på vår eigen avslutningsdag i mai. Her er det mange postar som skal fyllast, og elevane er med på å planlegge innhaldet i showet. Du kan sjølv velge kva innslag du vil være med på, og kanskje har du ein liten kostymedesigner eller lysmeister i magen?

Vi har svært gode stall og undervisningslokalitetar

Storparten av undervisninga går føre seg på Norsk Fjordhestsenter (sjå kart, ). Du spaserer frå skulen til senteret på 7 minutt, eller syklar på 3 min, og du slepp å vere avhengig av å bli frakta i bil dersom du vil vere i stallen. I dag består senteret av 2 ridehallar à 20 x 40 m, flombelyst ride- og køyrebane på 40 x 80 m og omlag 50 stallplassar. Ein ny flott rideveg som fører deg rett opp i skogen, står klar til hausten. Då får du enkelt tilgang til eit fantastisk turområde, med mange fine stiar og vegar. Dei fleste hesteelevane oppstallar privathestane sine her. I tillegg er det ein privat oppstallatør bare 200m frå skulen der det også fins treningsbane for trav. For spørsmål ang. oppstalling av hesten din ta kontakt med skulen.

Ta med din eigen hest dersom du vil
I tillegg til desse er det også fleire oppstallingsalternativ på Nordfjordeid som alle ligg i gang-/sykkelavstand til skulen. Så du kan gjerne ta med din eigen hest som du også kan bruke i undervisning, etter avtale med lærar. Kostnad til oppstalling kjem i tillegg til skulepengar. Har du ikkje med hest, vil du få din ”eigen” passhest som vil vere ”kompisen” din gjennom året..

Vi hjelper til med å skolere hesten din
For deg som vel å ta med eigen hest vil vi legge til rette for at vi kan hjelpe deg med å dressere/skolere hesten din slik at du føler at også hesten din blir flinkare, ikkje berre du. Vi har derfor laga til valfag som tek sikte på å at hesten din skal utvikle seg og bli betre til å bruke til riding, dressur, sprang, temjing/handtering og kjøring. Dette kan vi gjere fordi vi har stor og variert kompetanse på å jobbe med unghestar og med "vanskelege" hestar. Mange elevar opplever at hesten deira er blitt meir skolert etter året på Fjordane.

Allsidig undervisning av erfarne og kompetente lærarar
Vi stiller med sju dyktige og allsidige hestelærarar. Desse har høg kompetanse og erfaring i å undervise i hest i ulike disiplinar, og fleire er aktive enten som utøvarar eller som oppdrettarar av hest, fleire med gode resultat. Om du er nybegynnar eller vidarekommen, vil du få eit undervisningsopplegg som er tilpassa ditt nivå.

Linjetur går til Portugal, Lisboa kor vi rir på godt utdannede lusitano hestar både på tur og på banen. Vil du heller til Herning i Danmark og besøker hingsteutstillingen for varmblodsridehestar er det også ein muligheit.

Meir om linjeturane finn du under fellesfag.


Ridning og kjøring

På Fjordane Folkehøgskule er hovedvekten på dressurridning, sprangridning og kjøring med hest og vogn. Felles for all undervisning er at den blir tilpasset nivået til hver enkelt elev, men den tar utgangspunkt i de lavere konkurranseklassene. Man har dressurtime to ganger i uka, og lærer de ulike øvelsene opp til LA nivå. En time i uka er det sprang, og her undervises det i alt fra bomarbeid og gymnastikkhopping, til kombinasjoner og banehopping. Til kjøreundervisning disponerer skolen mange trygge og gode kjørehester. I dette faget får man en grundig innføring i tømmekjøring og kjøring, og man får prøve seg på dressurkjøring, presisjonskjøring, maraton og brukskjøring. Det er også mulig å benytte egen hest etter avtale med lærer.

I alle disse tre disiplinene blir det arrangert skolestevner, og på våren arrangeres det feltritt der elevene selv er med å planlegge og lage hinder. Av og til kommer det gjestetrenere utenfra i både sprang og dressur og har helgetreninger som elevene kan melde seg på. De som har skolehest passer denne som om det var deres egen, og har selvsagt også ansvaret for denne i helgene. Hvis det ikke er treninger eller stevne rir rytterne hestene sine på tur.