Hest, Ride- og kjøresport

Hest, Ride- og kjøresport

Har du blitt bitt av hestebasillen, har eigen hest eller berre har veldig lyst til å bli ein betre ryttar og/ eller kusk, er dette linja for deg. Vi gjev deg profesjonell undervisning av høgt utdanna og aktive lærarar som også er ryttarar og kuskar.

Vårt fokus er at både du og hesten skal få allsidig trening og at samspelet mellom deg og hesten skal utviklast gjennom god undervisning og forståing av ryttaren/kusken sin innverknad på hesten. Undervisninga blir retta mot konkurranse i løpet av året. Vi samarbeider med den lokale rideklubben om å arrangere stevner, samt at vi reiser rundt på stevner i nærområdet. Gjestelærarar i undervisninga i riding og køyring står fast på timeplanen.

Gjennom fleire valfag kan du fordjupe deg enda meir i ride og/ eller køyresporten om du har lyst til det. Vi har også mulighet for å hjelpe deg som har med eigen hest med hesten din dersom det er behov for det.

Har du ikkje med din eigen hest er det ikkje noko problem. Du får då bruke ein av dei flinke skulehestane våre som går LA med øvelsar til MB i dressur, middels køyring, 80-90 cm baner i sprang og feltritt. Du kan lese meir om skulehestane våre her

Du finn følgande fag på hest, ride- og kjøresportlinja:

Dressurriding - underviser vi etter dei klassiske rideprinsippa og har mykje fokus på korleis vi som ryttarar kan virke inn på hesten på ein rettferdig og god måte. Korrekt samspel med hesten er viktig for å få til framgang av ekvipasjen (rytter+hest). Du vil få ein gjennomgang av alle øvelsane frå LC til og med LA. Utviklar du deg i løpet av året til eit høgare nivå, vil du få undervisning deretter. Alle får tilpassa undervisning etter det nivået dei er på.

Sprangriding - jobbar vi mykje med å få ein riktig sits både over og mellom hinder. Dette er viktig for å kunne påverke hesten til å hoppe på ønska hinderhøgde. Gjennom gymnastikkhopping og forskjellege sprangøvingar slik som å trene på å finne riktig avsprangspunkt, utviklar vi samspelet mellom hest og rytter. Baneriding kjem som ein naturlig del av undervisninga etter kvart som rytter og hest utviklar seg. Om du har hoppa mykje eller lite frå før, eller har ein urutinert hest tilpassar vi undervisninga etter det.Kvar vår har vi felltrittstrening og gjennomfører Fjordane Cup som er ein sammenlagtkonkurranse i dressur, sprang og feltritt.

Køyring - får du ein gjennomgang av utstyret ein treng, og korleis du bruker utstyret. Du lærer korleis du tømmekøyrer hesten din, og kan trene hesten frå bakken. Du får ei grundig innføring i dressurkøyring, presisjonskøyring og maratonkøyring. Vi bruker skulehestane i køyretimane, og køyrer både på utebana og inne i ridehallen på 20mx60m bane. Ønsker du å bruke din eige hest kan du det etter avtale med læraren. Førebuing og deltaking i køyrekonkurransar står også på timeplanen.

Dressurteorien - går vi gjennom alt vi gjer på ridetimane. Det betyr ein grundig gjennomgang av sits og hjelparar, kva er riktig form på hesten, og alle øvelsane til og med LA, i tillegg til nokre øvelsar i middels B slik som versade og travèr. Dressurreglement og dressurprogram finn du også i desse timane. Alt du går gjennom i dressurteorien gjer vi i praksis på ridetimane.

Sprangteori - lærer du alt om korrekt to og tre-punktssits, kva er ein god spranghest, korleis bygger eg ei sprangbane, alt om hindertypar og anridning, i tillegg til sprangreglement og forskjellege bedømmingar i sprangriding og konkurransar.

Veterinærfag - er eit fag som gjev deg som ryttar, kusk og hesteeigar grunnleggande kunnskap om vaksiner, ormbehandling, sår- og sjukdomsbehandling, anatomi og mykje meir. Dette er eit fag du ikkje vil gå glipp av!

Ein gong i halvåret får vi besøk av ein av dei fremste tannspesialistane i Norge.

Teoritimane ernæring og avl lærar deg alt om riktig fôring av hesten i forhold til bruk. Drøymer du om føl eller å få fram ein kåra hingst får du alt om det i desse timane.

Salmakar – i byrjinga av skuleåret har vi salmakar, du lærer å reparere og sy i lær. Alle lager sitt eige leietau i lær med kjetting. Etter innføringa startar salmakar valfag der du kan for eksempel lage din eigen handsydde lærgrime, hundeutstyr eller reparere dine eigne ting. Det kan vere kjekt å prøve på om du funderer på ein god gammal karriere som salmakar sjølv. Det er fleire elevar som etter å ha gått her, jobbar vidare som salmakar på heiltid, deltid eller hobbybasis.

Blir du med i denne gruppa på a kan du følge Katrine under hennar tid vidare i lære som salmakar.

Beslag – her får du teoretisk innføring i hovens anatomi og funksjon før vi går i gang med praktiske øvingar. Du lærer å ta av sko, beskjære og slå på sko. Alle som har det daglege ansvaret for ein hest bør kunne å ta av ein sko når det er nødvendig. Her lærer du gjennom å øve på skoing av våre snille skulehestar.

Dette er god øving og praksis dersom du vurderer å bli hovslagar. Nina som gjekk i lære hos våre hovslagarar under 2. året på Fjordane Folkehøgskule, og no jobbar som hovslagar kan du lese meir om på hennar facebookside.


Hestekunnskap - lærer du om kva det inneber å ha hest i forhold til forskrifter, kva som kan vere viktig å tenke på om du kjøper eller sel hest, har hest på fór eller leiger/låner, om kontrakt, forsikring og kven som har ansvar dersom det skjer noko.

Har du ikkje grønt kort, så får du mulighet til å ta det i løpet av året. Grønt kort er eit bevis ein må ha for å få starte stevner over klubbnivå. Her går vi blant anna gjennom konkurransereglement og sikkerhet rundt hestehandtering.

Du får lære om massasje og stretching av hesten din. Vi er også innom hesten i trafikken, riding i utmark, signalement på hest, stalldrift, treningslære og hestens oppførsel: «Kvifor gjer hestane dette?».

Utstyrstimane - er populære og fører til mange lærerike diskusjonar. Her prøver vi å vere mykje i stallen, så du får øve deg i praksis på bandasjering, klargjering av hest for konkurranse og utstilling, barbering, trimming, fletting og sying av fletter, samt frisering av forskjellege hestar, alt etter rasestandard og bruksområde.

Tilpassing av dekken, hodelag, bitt og sal, alt om forskjellige typar bitt og deira innvirkning. Ein gong i halvåret har vi saltilpassar på besøk for deg som ønsker hjelp til å finne riktig sal til hesten din.

Ein time i veka er det terapiridning på timeplanen, der elevane er med og hjelper til. Her deltek personar med ulike handikap frå hele distriktet, og du får vere med på å gje dei eit viktig tilbod saman med hesten.

Kom i bedre form! En time i veka har du ryttertrening. I desse timane trener vi styrke og kondisjon. Vi har blant anna eit eige styrketreningsprogram utforma spesielt for deg som ryttar. I tillegg har vi stretching som en del av programmet.

Som ryttar er det svært viktig å trene og vere i form, også når ein ikkje er på hesteryggen. Terninga har fokus på å trene opp kjernemuskulatur og kondisjon som krevst for å bli ein bedre rytter. Dette kan gje deg bedre balanse, bedre utholdenhet og bedre sits.

Stretching er også en viktig del av ryttertreninga. Her har vi fokus på å tøye dei musklane som lett blir stramme og støle etter riding. Dette er veldig godt likt blant elevane.

Stell og stalltjeneste - hestefaget er meir enn berre riding, difor er det naturleg at vi tek del i den daglige stalldrifta.

Ein laurdag kvar månad er sett av til linjefag. På desse dagane er vi innom mange forskjellege tema, slik som blant anna laushopping, snørekøyring, langtur, agility med hest og mykje meir. Eller vi rir på ein flott tur til seters.

Spørsmål om hest, ride- og køyresport?
Bruk kontaktskjema eller ring oss på 57889880.

Søkje om plass?

Eg vil søkje om plass på Hest, Ride- og Kjøresport