Hest, 2.året

Hest, 2.året

Drøymer du om ein jobb med hest eller vil du utvikle deg vidare innanfor hestesporten? Andreårslinja vår er tilpassa deg som vil meir!
Linja er for deg som har gått 1.års hestelinja ved Fjordane eller har tilsvarande bakgrunn. Har du fagbrev eller annan dokumentert kompetanse kan du også søke 2.året.

På 2.års hestelinja får du og hesten din utvikla dokke mot eit felles mål. Fokus på dressur, sprang og kjøring. Vårt mål er heile tida å kunne gje deg og hesten din undervisning som er tilpassa begge sitt nivå; om det er konkurranse, utdanning eller enda eit år der du vil ha det moro med hest.

Vi har fokus på å gje elevane undervisning og lærdom som er nyttig på veien vidare mot utdanning og arbeid med hest. To år på Fjordane har vist seg å bli eit stort springbrett i riktig retning for dette. Vi har for eksempel fleire elevar som, etter avslutta skulegang hos oss, har gått videre til Norsk Hestesenter på Starum og ridelærarutdanninga der.

Vi har høg standard og god kvalitet på undervisninga hos oss her ved Fjordane. Det er mange lærarar ved hestelinja, vi er alle gode på våre fagfelt, og gjennom dette kan vi gje deg som elev eit svært godt tilbod uansett kva du ønsker å lære om.

  • I dressur jobbar vi med øvelsar frå LB til MB dressur. Vi er opptatt av at hesten jobbar i riktig form, er rett i kroppen og at du sit korrekt på hesten.

    Sjenkelvikningar, versader og bakdelsvendingar er eksempel på øvelsar vi bruker i dressurtreninga. Dette vil vere til hjelp for deg som rytter ved koordinasjon og korrekt bruk av hjelparane dine, samtidig som det er lausgjerande og styrkande for hesten din.

    Sidan vi har stort fokus på sits har vi også eigne ridetimar med sitstrening. I tillegg du kan få ri barbak på ridetimane, noko som trener både balansen og sitsen din.
  • sprangtimane får du prøve deg på forskjellege baner og oppgåver som krev samspel mellom deg og hesten din, og som legg grunnlag for at dokke skal kunne gjennomføre sprangbaner på ønska nivå.
    Vi ønsker å utvikle rideferdighetane dine også i sprang.

    Med stor variasjon i oppgåvene på sprangtimane får du trent på blant anna hinderforståelse, telling av steg og takseringsevne (å sjå avsatspunkt).

    Hesten din skal også utvikle seg, og her ser vi på ting som galoppkvalitet, sprangpotensiale og sprangteknikk.

Ein populær øvelse blant elevane er gymnastikkhopping. Her trener vi både sits og balanse hos rytteren, og hesten får trent styrke, kondisjon og frambeinsteknikk.
På våren vil du og hesten din få prøve feltritt. I den forbindelse vil du, saman med medelevar, få ansvar for å lage et feltrittshinder.


  • I kjøringa er det meir spissa mot konkurranse for dei ekvipasjane som ønsker det, samtidig som det er meir variasjon med kjøring i for eksempel terreng og på tur.
Kjøreundervisninga foregår på grusbane som måler 40x80m. Her blir det trent mest dressur og presisjon.
Du vil få kjøre ein del på tur også, og her får du prøve deg på maratoninspirert kjøring i naturen sine eigenkomponerte hinder.

  • Prosjektfag – Eit fag med mykje innhald og lærdom.

    Utover rideundervisninga får du blant anna undervisning i innridning og innkjøring av unghest i faget som vert kalla for prosjekt. Her får du, i gruppe saman med nokre medelevar, ansvar for ein unghest som skal gå i trening, med mål om å bli innridd/innkjørt.

    Tidligare har elevar også hatt ansvar for å trene opp hest etter skade, samt trene opp hest etter kastrering.

    Trening av skulehestar som treng trim kan også vere ein del av timeplanen i prosjektfag. Vil du vidare og bli ein flink ryttar er det å ri mest muleg, og helst på forskjellege hestar,eit absolutt «must».


    Skap tillit og samspel med hesten din gjennom natural horsemanship.
    Utfordre deg saman med hesten din i agility, der dokke blant anna skal gå over smale bruer, gjennom tunnelar og bli trygg på presenningar.
    Om du ønsker å stille hesten din på utstilling, er det i prosjekt vi viser og lærer deg korleis du kan mønstre, og stille opp hesten din for dommar og veterinær.
  • Du får undervisning i beslag som inneber at du får prøve å sko din eigen hest.

    I dette faget lærer du grunnleggande ting som hovens anatomi, ta av sko, håndtere og bruke hovslagerutstyr, og du får slå på nye sko.

    Å smi er ein del av hovslagerfaget, og difor også ein del av beslagtimane hos oss.
  • Fjordane har eit godt samarbeid med den lokale rideklubben her på Eid, som gir deg muligheten til å vere med på å arrangere og gjennomføre stevner.

    Gjennom skuleåret blir det arrangert fleire stevner der du kan delta, men også vere med å arrangere.

    Stevneleiar, sekretariat, premieansvarleg og kioskansvarleg er eksempel på ansvarsområde som blir fordelt mellom elevane på 2.året ved arrangering av stevne. Kvart område gir deg gode erfaringar som du kan ta med deg vidare.
  • Starte på stevne – vi legg opp til at om du er interessert i å ri/kjøre på konkurransar , skal du få mulighet til å starte på stevnene både her på Eid og rundt om i distriktet.

    I tillegg til å starte stevner på heimebane her på Eid, har vi tidlegare også reist på bortestevner både til Breim i Gloppen og til Volda.

    Om du ønsker å delta på kjørestevne har du mulighet til å låne vogn og kjøreutstyr av skulen.
  • Teorifag – teorifaga legg opp til at du kan få lære om, og prøve deg på, ulike emner som omhandlar hest. Blant disse emnene har vi for eksempel:

    Dømming i dressur – både teori og praksis. Dersom du vil prøve deg som dressurdommar, kan du få mulighet til å dømme lavaste klasse på stevner som blir arrangert av skulen.

    Om du har lyst til å gå vidare til ridelærarutdanninga har vi både teori og praksis knytta til dette, nemleg planlegging og gjennomføring av undervisningsopplegg.

    Sjå for deg din eigen stall, tegne og designe denne. Kor høgt må det vere til taket? Kor store må boksane vere? Dette er ein morosam og spennande måte å lere meir om lover og forskrifter som er knytt opp mot stallbygg.

    Har du ein liten draum om å drive din eigen stall? I teorifaget vil du lære meir om stalldrift og kva som er viktig å tenke på.
  • Kom i bedre form! Ein time i veka har du ryttertrening. I desse timane trener vi styrke og kondisjon. I tillegg har vi stretching som ein del av programmet.

Som rytter er det svært viktig å trene og å vere i form, også når ein ikkje er på hesteryggen. Treninga har fokus på å trene opp kjernemuskulatur og kondisjon som krevst for å bli ein bedre rytter. Dette kan gje deg bedre balanse, bedre utholdenhet og bedre sits.

Stretching er også ein viktig del av ryttertreninga. Her har vi fokus på å tøye dei musklane som lett kan bli stramme og støle etter ridning. Dette er veldig godt likt blant elevane.


Spørsmål om hestelinja?
Bruk kontaktskjema eller ring oss på 57889880.

Ønskjer du å søkje om plass?
Eg ønskjer å søkje om plass på 2. års Hest.