Kunst - Foto - Glass

Kunst - Foto - Glass

Kunst er så mangt. Kunst tek mange former, oppstår i mange ulike samanhengar og sprenger ofte grenser. Nokon brukar kunst for å nå ut til eit publikum, andre gjer det berre for sin eigen del. Vi tilbyr eit skuleår med multikunst der du utviklar dei kunstneriske og kreative evnene dine på område som glass, tegning, maling, keramikk og foto.


Nyttig


Det du går igjennom i løpet av året er nyttig sjølv om du ikkje har planer om å gjere det til eit yrke. Du lærer å arbeide sjølvstendig, noko du har bruk for ved seinare yrkesvalg. Ved å lære ulike teknikkar, får du muligheit til å setje ideane dine ut i livet.



Glass - det nye kunstmaterialet

Hos oss møter mange elevar for første gang det spennande materialet glass. Vi arbeider mest med teknikkane fusing (smelting) og slumping (forming) av glasstypen Bullseye. Du lærer glasskjæring, samansetting av farga glass, designe dine eigne smykker, fat og figurar. Mange elevar blir "hekta på" glass i løpet av året.


Mange ulike emne

I alle emna får studentane innføring i basisteknikkar – sjølve hemmeligheten bak eit godt resultat. Etter kvart vil du designe dine eigne, personlege og unike kunstverk. Du får bruke mykje tid på keramikk, jobbe med tegning, akrylmaling, geriljabroderi og streetart under kontinuerleg oppfølging og rettleiing av ein erfaren lærar som også er ein aktiv kunstnar.


Foto

Innføring av foto som deltema på linja har vist seg å vere eit blinkskudd. Mange har det som hobby og her vil du få innføring i basiskunnskapar, mørkeromsarbeid, komposisjon, digital og analog bildebehandling samt presentasjon i ulike format. Vi arbeider i studio, ute i naturen, i lokalmiljøet og i klasserommet.

Sjansen er stor for at du finn ditt eige unike kunstuttrykk i løpet av tida du er hos oss.

Gode lokalitetar

Kunstlinja disponerer ca 300m2 store og gode lokale for undervisning. Vi har grafikkpresse, fotorom, keramikkverkstad med dreieskive og ovnar. Glasverkstad med 2 ovnar. Romsleg og lys teiknesal, der du har din eigen arbeidsplass. Verkstadane er opne for elevane fram til skulen stenger for kvelden kl.22.30.

Portefolio/vegen vidare

Vi vil kunne hjelpe deg med utarbeiding av portfolio og søknad til vidare kunstutdanning i Norge eller utlandet. Hos oss får du oppfølging og veiledning gjennom heile skuleåret uavhengig av om du vil vidare innenfor kunstfaget eller har ei anna retning i tankane.

Linjetur 1

I månedsskiftet mars/april reiser klassen på linjetur. Turen har dei siste åra vore til Spania, nærare bestemt Andalucia. Området Andalucia har ein rik kulturarv, der det nordafrikanske og europeiske er blanda saman på eit unikt vis. Vi prøver å sjå/oppleve delar av dette i vid forstand og «up close». Fin kust, arkitektur, dans, mat og folkeliv. Ein dag på stranda blir det også tid til.

Linjetur 2

Vi vil i løpet av haustsemesteret reise ei langhelg til ein europeisk storby. Denne turen planlegg vi ilag med deg og medelevane. Turen er frivillig og er ikkje inkludert i linjekostnadene. Vel du å være igjen på skulen, lager vi eit eige opplegg for deg der.

Spørsmål om kunstlinja?
Bruk kontaktskjema eller ring oss på 57889880.

Søke om plass?
Eg vil søke om plass på kunst/foto/glass