Vikingliv

Vikingtida er fortsatt levende på Nordfjordeid. Det blir satsa mykje lokalt for å vise fram vikingane slik dei levde, tenkte og reiste. Vikingliv-linja er en del av dette.

Fasinerer vikingtida deg?

Fra ca år 800 – 1100 var en Vikingane folket som endra Europa meir enn nokon andre. Kortlista vår er varierande og spennande; og det er meir.

  • På linja Vikingliv har du sjansen til å lære om og praktisere vikinglivet.
  • Reise til Island, dei største Vikingstadane på vestlandet. Møre, Gudvangen, Gulating,
  • Bli med på og lage Vikingmarknad innan berre nokre veker.
  • God innføring i Blankvåpen kamp og islandsk-glima.
  • Heile klassen på tokt med skulens eigne vikingbåtar.
  • Sjubøringen Arni i Gloppen – og Myklebustskipet på 30 meter blir bygd ikkje langt frå skulen.
  • Kunne slå leir; med telt, matlaging og lage deg ditt eige leir utstyr som skei, fat, stol og kiste.
  • Det ein treng av klede for å kle seg opp som viking.
  • Smie og grindbygg.
  • Historie, tru, samfunn og tenkesett.
  • Leikar, kamp, historiske spel og musikk.


Kvardag, reisene og festen. I vikinglivet skal du vil få prøve deg sjølv i rollen som handverkar. Mat, metall, tre, stoff, skinn, glas og leire skal av deg formast til ting ein viking ville ha brukt.
Linja satsar på at du får prøvd deg på mykje, men får ta nokre dykk inn i noko av det du finn mest interessant.

La oss vise deg litt av mangfaldet – og kvifor vi kallar linja for Vikingliv.

Tokt til Island, vest- og austlandet.
Før flyet tek oss til Island vil vi bruke eit par dagar til å få med oss det beste austlandet og Oslo har å by på frå vikingtida.

Vestlandet og Island har mykje til felles. Trangen til frihet og lynnet vårt. Sagaene og historia som vi deler. Museum, historiske stader, besøk på Alltinget, sjå naturen, lære meir om runer og norrøn-tale mål. Sjå det Snorre sjølv såg. Møte folk som studer historie og språk på Island.

Dei modigaste får prøve seg på å ri – og glima-bryting, Islands tradisjonelle nasjonalsport. Men alle får prøve å bade i varmekjelder og sjå landskapet, med isbre, som deler av Game of Thrones er spilt inn i. Ein vil merke at ein er eit land der lava og is har forma naturen. Turen kommer like før vårløysinga på Island. Tid til å bli litt kjent med folket og Reykjavik blir det med.

Vikingen likte å fortelje, skape og pynte seg.
Enkle smykke av bein, horn og metall var slikt ein laget rundt bålet. Brodere motiv med dei same teknikkane som dei brukte. Veve brikkeband og nålebinding vil ein del og få prøvd seg på.

Aldri glem musikkaren og skalden. Plassen og statusen dei hadde var ekstra viktig i ei tid der lite var nedskriven, men gjekk frå som ei historie frå generasjon til generasjon. Etter året vil du sitte igjen med og kunne mange av historiene dei fortale – og nokre av songane.


Blankvåpen og leiker.
Kurs i bruk av øks, skjold, sverd, kniv, bue og pil. Vi vil bruke treningsvåpen og lære grunnteknikkane slik at ein seinare at ein seinare kan slutte seg til ein av dei mange blankvåpengruppene ein har her i landet. Får å bli med i ei slik gruppe treng ein å lage seg litt utstyr. Skjold, hanskar og beskyttelse av armer må ein få laga seg.

Dei vaksne leika og barna tok etter dei vaksne. Det er mange leiker som er omsnakka i sagaene. Vi har historiske vikingeleikar på timeplanen. Både fordi det er artig og sosialt. Men og fordi leiken gjorde ein betre med blankvåpen. Betre refleksar, konsentrasjon, kvikkare i skallen og sterkare.


Vikingmarknad og leir.
Tidleg i skuleåret er vi med på vikingmarknad. Skulen har fem store saxsertelt og alt vi treng for å lage mat over bål. Vi må beherske kunsten å fyre eit bål til matlaging. Gropsteiking av lammelår. Hausting fra naturen. Bli med ut når ein hjort eller sau slaktas.

Reiskapane ein brukte bør ein og få laget seg.


Vikingklær og arbeid med skinn.

Vi kler oss ikkje ut som vikingar, men vi kler oss opp som vikingar. Til det treng ein gode kler. Hette, lin og ull kler. Å få lage seg sett med kler krev tid og arbeidet med å lage seg kler vil gå langs med alt anna arbeid. Målet er å ha alt klart til sumarsesongen.

Eit belte, veske i belte, poser og lue i skinn får du lage. Det er viktig for oss at du sjølv lærer å tenke ut korleis det du lager skal sjå ut og lage din eigen løysing. Men med respekt for det som er historisk sannsynleg.


Vikingskip, hest og bygge hus
Skulen har tilgang på fleire båtar. To mindre båtar, vikingskipet Arni med sju par årer på Gloppen og når Sagastad sitt Myklebustskip på tretti meter, Noregs største, er bygd kan vi bli med som deler av mannskap der med. Skipet blir noe bygd kun ti minuttars gange frå skulen.

Mykje av transporten på denne tida gjekk på sjøen og vi legg opp til besøk hos lokale, erfarne vikingskipsbyggarar i området. Bjørkedalen er kjent for sitt båtbyggermiljø og mange vikingskip. De har bygd mange av dei mest kjente skipa her i landet. Kunnskap om kva som ein krev av eit godt mannskap og kva ein god båt er vil de få.

Fjordane FHS har tilbod om rideundervisning som valfag. Hesterasen fjording var den vikingane tok med seg til Island. Det er ei god følelse å kunne ri fjordingen; stamfaren til islandshesten.


Viking frendar, besøk og samarbeid i regionen
Vikinglaga i Sogn og Fjordane – og Møre og Romsdal har vi god kontakt med. Enkelt medlemmer i Møre Frie Vikingar, Njardar og Nordfjordvikinglag er innom oss for å halde kurs eller delta på kurs samen med oss. Turar til Møre og Gudvangen for å sjå på og bu i ekte vikinghus er noko å glede seg til.

Gulating og kjende vikingspel i regionen er det og naturleg ha kontakt med. På reisene våre kommer vi til minst tre stavkyrkjene og andre historiske stadar vil me både besøke.


Alt det praktiske ein kan lage
Ein viktig del av dagleglivet var å ha nok mat, lær, trekar, leire koppar og kle. Et eige prosjekt med leire i vikingtid. Opplæring i bruk av kniv og anna verktøy for å kunne lage deg dei for dine eigne fat, skeier og trau.


Slakting, partering av kjøtt og bruk av skinnet
For vikingen var gleda av å skaffe seg godt kjøtt, og bruke alle ressursane dyret gav noko av det viktigaste dei gjorde. Linja gir tilbod om å være med på dette.

Kva gjorde ein når ein ikkje hadde frysar? Det får du praktisk testa på linja.


Autentisk vikingliv

Vi har valt å nærme oss vikinglivet på ein praktisk, og så langt me kan ein mest mogeleg autentisk måte. I bunn av alt ligg ferdigheter og kunnskap om livet til vikingen. Slik blir du sjølv ein del av den levende historia. Og ein del av vikingmiljøet i Noreg.


Område med mykje vikinghistorie
Fjordane Folkehøgskule ligg i eit nærområde der det er gjort arkelogiske funn som kansje er dei viktigast i landet. Her meiner ein at restane av norges kanskje største vikingskip "Myklebustskipet" ligg. Nordfjord var eit kraftsenter i vikingetida og mange av toktene i vesterled gjekk ut fra denne regionen. I Bjørkedalen, ca 20 min skulen, er det eit tradisjonsrikt båtbyggarmiljø av vikingskip over mange år. Ca 20-25 vikingskip er bygt her og 3 vikingskip ligg klare til bruk på Bjørkedalsvatnet. Det er også under planlegging eit opplevelsessenter om vikingtida, "Sagastad", på Nordfjordeid.

Spørsmål om vikinglivlinja?
Bruk kontaktskjema eller ring oss på 57889880.

Søkje om plass?

Eg vil søkje om plass på vikingliv

Sjå filmen om skipet som brann.