Opptak

Fortløpande opptak etter 1. februar og fram til skulestart dersom det er ledig plass. Normalt vil ein få svar innan 1 veke. Noko lenger for søkjarar under 18 år. For opptak til linje for Bu og fritid og for elevar med opptak på spesielle vilkår, gjeld ikkje desse fristane. Her kan ein bli teken opp heile året.

Kriterier for opptak:
Alder: 18 år. Ved ledig kapasitet kan det vere aktuelt å ta opp elevar som fyller 18 år i løpet av skuleåret. I spesielle tilfelle kan eit avgrensa antall elevar yngre enn dette også få plass etter spesiell vurdering.

Vitnemål/karakterutskrift: Søkjaren avgjer sjølv om ein vil legge ved dette.

Opptak på særleg grunnlag: Avgrensa i høve skulen sin kapasitet.

Som dei fleste andre folkehøgskular i landet er Fjordane Folkehøgskule eit rusfritt område. Undervisning er obligatorisk og vi har visse forventningar til elevane sin oppførsel og innstilling.

Ved opptak som elev gjeld angrefrist i samsvar med Angrerettlova kapitel 3.