Vitnemål

Fråversreglement

Alt fråver blir ført i dagar og enkelttimar.

Fråver utover 10% fører normalt til at eleven ikkje får godkjent skuleåret og med resultat at delar av lånet ikkje blir konvertert til stipend. I tillegg får ein ikkje 2 tilleggspoeng . 

10% fråver er lik 19 dagar. 1 dag er lik 6 timar. Timane vert gjort om til dagar når prosenten vert rekna ut. Årsak til fråver kan ein kreve å få ført på vitnemålet. Eleven har sjølv ansvar for å dokumentere årsak til fråveret. 

Avgrensa til 15 dagar i skuleåret vert følgande ikkje rekna som fråver, men bør kompenserast ved eleven sin eigeninnsats tilrettelagt av skulen:

  • arbeid på regionalt plan eller landsplan som tillitsvalgt i landsdekkande organisasjoner
  • dokumenterte lovpålagte oppmøte
  • dokumentert langvarig eller kronisk sjukdom
  • organisert hjelpearbeid i krisesituasjonar
  • inntil to dagar ved religiøse høgtider for elevar som er medlemmer av andre religiøse trussamfunn enn Den norske kyrkja
  • anna spesielt fråver godkjent av rektor

Organisert eller selvstendig studiearbeid, herunder skoleadministrative gjøremål, etter avtale med rektor, vert ikkje rekna som fråver.

For elevar som deltek i for eksempel idrettsarrangement på landsplan, kan skulen utarbeide eigne retningslinjer.

Fråversreglementet og konsekvensane av fråver utover 10% vert gjort kjent for elevane.

2 tilleggspoeng
90% registrert elevframmøte er ei forutsetning for å få 2 tilleggspoeng ved opptak til høgre utdanning

Alle rekningar betalte
For å få vitnemål, må alle økonomiske forpliktelsar til skulen vere oppgjort og betalte.