Om skulen

Velkommen til Fjordane Folkehøgskule

Fjordane Folkehøgskule er ein inkluderande skule med eit unikt fellesskap av ungdom frå alle dei spennande linjene våre.

Vi er ein frilynt skule, og vi som jobbar her er privilegerte som får møte ungdom som brenn for dei same fagområda som oss. Vi vil utfordre deg til å strekke deg litt lenger, prøve nye ting og få nye erfaringar. Då ligg alt til rette for fagleg og personleg utvikling, glede og meistringsfølelse over fagleg og personleg framgang, og ikkje minst at du får oppleve alt dette i eit inkluderande fellesskap som gjev deg venner. Vi er ein passe stor skule som har plass til 84 studentar. Fordelen med at vi ikkje er enda større, er at det er lettare for kvar enkelt elev å bli sett. For oss er det viktig å ta vare på og følge opp alle. Det meiner vi at vi har enda betre føresetnad for med den størrelsen vi har på elevflokken vår.

 

"UTVIKLING, GLEDE OG VENNSKAP"

 

Vennskap 600x400.jpgPå Fjordane folkehøgskule legg vi vekt på å holde eit høgt fagleg nivå, og vi har yrkesaktive og engasjerte lærarar. Vi jobbar også like mykje med å gje deg gode fellesopplevingar gjennom internatlivet, fellesprosjekt på tvers av linjene, fellesturar både lokalt og internasjonalt, kjekke elevkveldar og ikkje minst dei uforpliktande møta i peistova/matsalen og på avdelingane utanom undervisninga. Det er gjennom fagleg og personleg utvikling i eit sosialt fellesskap at magien på ein folkehøgskule skjer.