Om Nordfjordeid

Fjordhest og Rockefestival

Fjordane Folkehøgskule ligg sentralt og fint til i kommunesenteret Nordfjordeid i Eid kommune i Sogn og Fjordane. Her kan du sjå Nordfjordeid i 360 graders rundtur. Nordfjordeid er kjent som Fjordhesten sitt Mekka, fødestad for matematikaren Sophus Lie og for Malakoff Rockfestival.

 

Nordfjordeid er ein liten, sjarmerande tettstad med ca 3500 innbyggjarar der du finn det meste av det du treng: Kafèar, legekontor, sjukehus, kino, operahus, idrettshall, idrettsanlegg som golfbane, alpinanlegg, skatebane, kunstgrasbane og svømmehall. Du når det meste med ein 5-10 minutt spasertur.

Det er enkelt å reise til Nordfjordeid. Det går dagleg bussar fra Bergen, Oslo og Trondheim. Du kan også ta fly til/fra Sandane lufthavn eller båt til Bergen fra Måløy. For den som vil ta opp igjen fag, ligg Eid vidaregåande skule tett ved folkehøgskulen.

Vil du bli betre kjent med regionen Nordfjord og dei mulighetar som finns her, kan du bruke nokre minutt på denne "skrytevideoen".

Linkar til aktuelle nettstadar: