Slik bur elevane

Slik bur elevane

Bumiljøet hos oss er utprega intimt. Her bur elevane i småhus, paviljongar, og det er ei positiv utfordring for dei fleste. Fordelen med å bu på paviljong samanlikna med vanlege internat, er at du lettare kan få den gode kjensla av ein heim. I staden for å bu på eit rom i ein lang gang, får du eit mykje meir intimt miljø, og ei sterkare kjensle av samhald og det å høyre til ein plass. Dei du bur saman med blir din eigen, vesle familie dette skuleåret. Det stiller sjølvsagt krav til at du må ta i eit tak saman med dei du deler paviljong med, noko som er ei viktig i læring i forhold til samarbeid og toleranse.

Paviljong paviljong v6 tak 2.jpg

Vi har plass til 84 studentar fordelt på 9 frittståande småhus. Kvart hus har 4 dobbeltrom og 2 enkeltrom, alle med eigen vask. Midt i huset er det opphaldsrom med kjøkkenkrok og separat bad med dusj og toalett som er felles for dei som bur der. Kjøkkenkroken har kjøleskap, kokeplater og vask. Standarden på internatet er god og romma har inventar og sengar av nyare dato.

Panner, glasstøy og bestikk til å lage seg enkle måltid, må ein ta med sjølv etter behov.

Eit av elevhusa er lagt til rette for rullestolbrukarar.

Paviljong Hovedrom 02.jpg

Paviljong Dublet 04b.jpg

paviljong Singel 01.jpg