Hestelinjer med stor variasjon og høg kvalitet!

Hestelinjer med stor variasjon og høg kvalitet!

Vi har svært gode stall og undervisningslokalitetar

Mesteparten av undervisninga går føre seg på Norsk Fjordhestsenter (sjå kart, ). Du spaserer frå skulen til senteret på 7 minutt, eller syklar på 3 min, og du slepp å vere avhengig av å bli frakta i bil dersom du vil vere i stallen. I dag består senteret av 2 ridehallar à 20 x 40 m, flombelyst ride- og køyrebane på 40 x 80 m og omlag 50 stallplassar. Ein ny flott rideveg fører deg rett opp i skogen. Då får du enkelt tilgang til eit fantastisk turområde, med mange fine stiar og vegar.

Ta med din eigen hest dersom du vil

Du kan gjerne ta med din eigen hest som du også kan bruke i undervisning, etter avtale med lærar. Mange av hesteelevane oppstallar privathestane sine på Fjordhestsenteret. I tillegg er det ein privat oppstallatør berre 200 meter frå skulen, der det også finnast treningsbane for trav. For spørsmål angåande oppstalling av hesten din ta kontakt med skulen. I tillegg til dei to nemnte stallane, er det også fleire oppstallingsalternativ på Nordfjordeid som alle ligg i gang-/sykkelavstand til skulen. Kostnad til oppstalling kjem i tillegg til skulepengar. Har du ikkje med hest, vil du få din ”eigen” passhest som vil vere kompisen din gjennom året.

Vi hjelper til med å skulere hesten din
For deg som vel å ta med eigen hest vil vi legge til rette for at vi kan hjelpe deg med å dressere/skolere hesten din slik at du føler at også hesten din blir flinkare, ikkje berre du. Vi har derfor laga til valfag som tek sikte på å at hesten din skal utvikle seg og bli betre til å bruke til riding, dressur, sprang, temjing/handtering og kjøring. Dette kan vi gjere fordi vi har stor og variert kompetanse på å jobbe med unghestar og med "vanskelege" hestar. Mange elevar opplever at hesten deira er blitt meir skolert etter året på Fjordane.

Allsidig undervisning av erfarne og kompetente lærarar
Vi stiller med sju dyktige og allsidige hestelærarar. Dei har høg kompetanse og erfaring i å undervise i hest i ulike disiplinar. Fleire er aktive enten som utøvarar eller som oppdrettarar av hest, med gode resultat. Om du er nybegynnar eller vidarekommen, vil du få eit undervisningsopplegg som er tilpassa ditt nivå.

Linjetur går til Portugal, Lisboa kor vi rir på godt utdannede lusitano hestar både på tur og på banen. Vil du heller til Herning i Danmark og besøker hingsteutstillingen for varmblodsridehestar er det også ein muligheit.

Meir om linjeturane finn du under fellesfag.

Stort avslutningsshow

På våren peilar vi oss inn mot vårt store avslutningsshow. Dette er eit samarbeid mellom alle tre hestelinjene. Avslutningsshowet blir vist for eit stort publikum på hingsteutstillinga for fjordhest, og på vår eigen avslutningsdag i mai. Her er det mange postar som skal fyllast, og elevane er med på å planlegge innhaldet i showet. Du kan sjølv velge kva innslag du vil være med på, og kanskje har du ein liten kostymedesigner eller lysmeister i magen?

 

Riding og køyring

På Fjordane folkehøgskule er hovudvekta på dressurriding, sprangriding og køyring med hest og vogn. Felles for all undervisning er at den blir tilpassa nivået til kvar enkelt elev, men den tar utgangspunkt i de lavere konkurranseklassene. Du har dressurtime to gongar i veka, der du lærer dei ulike øvelsane opp til LA nivå. Ein time i veka er det sprang, med undervisning i alt frå bomarbeid og gymnastikkhopping, til kombinasjonar og banehopping. Til køyreundervisninga disponerar skulen mange trygge og gode køyrehestar. I dette faget får du ei grundig innføring i tømmekøyring og køyring, og du får prøve deg på dressurkøyring, presisjonskøyring, maraton og brukskøyring. Det er også mogleg å nytte eigen hest etter avtale med lærar.

I alle desse tre disiplinane blir det arrangert skulestevner, og på våren arrangerast det feltritt der elevane sjølv er med å planlegge og lage hinder. Av og til kjem det gjestetrenera utanfrå i både sprang og dressur og har helgetreningar som elevane kan melde seg på. Dei som har skolehest passar denne som om det var deira eigen, og har sjølvsagt også ansvaret for denne i helgane. Viss det ikkje er treningar eller stevne, rir ryttarane hestane sine på tur.