Fjordane Folkehøgskule og DNT sine lokallag inviterer til veteturar og vardetenning i Nordfjord!
Bli med på ei markering av Friluftslivets år og vikinghistoria i Nordfjord!
Dato: Laurdag 26. april – første røyksignal blir tent kl. 13:00.
Turmål: Veten, Nordfjordeid | Naustdalskamben – Dagsturhytta | Hornelen
Laurdag 26. april inviterer Fjordane Folkehøgskule og DNT sine lokallag til fellesturar til tre vetar i Nordfjord. Her skal det tennast røyksignal for å markere Friluftslivets år og sjøsettinga av Myklebustskipet ved Sagastad – verdas største rekonstruerte vikingskip.
Røyksignala blir sende frå seks vetar som truleg har vore brukt som varslingspunkt i vikingtida. Frå midten av 900-talet og fram til 1800-talet vart det brent bål på vetetoppar for å varsle neste vete om fare.
– No er det historia og dei flotte turplassane våre som skal løftast fram for å skape ei felles oppleving ute i naturen. Dette er ikkje noko varsel om fare, men for oss som underviser i både vikinghistorie og friluftsliv er dette ei kjekk markering å stelle i stand saman med DNT sine lokallag, seier Silvia van Hesik Førde, rektor ved Fjordane Folkehøgskule.
Turane er opne for alle og lagt opp slik at dei fleste kan vere med. Unntaket er Hornelen, som er ein krevjande tur. På dei andre toppane er det lagt opp til enkel tilkomst. Det første røyksignalet blir tent frå Veten på Nordfjordeid klokka 13:00.
– På Hornelen skal det markerast ekstra med ei bålbrenning på toppen. Her har vi også nokre spreke elevar og lærarar som skal klatre opp Olavsruta som vikingar, seier Førde engasjert.
Turmål og oppmøtestadar
Veten | Nordfjordeid
Felles oppmøte ved Eid stadion, kl. 11:00.
Startpunkt: Hanshjellen parkeringsplass, kl. 11:30.
Naustdalskamben | Dagturhytta
Felles oppmøte ved Eid stadion, kl. 11:00.
Startpunkt: Reset i Remmedalen kl. 11:30.
Hornelen
Oppmøte ved Hunskår, kl. 09:00. Link til tur.
Denne turen er svært krevjande.
Fjordane Folkehøgskule er aktive i sjøsettingsveka
Elevane ved Fjordane Folkehøgskule set tydeleg preg på sjøsettingsveka på Nordfjordeid. I tillegg til turar og vardetenning saman med DNT, deltek dei i alt frå hærkamp, moteshow, til å servere smakfulle smårettar og street-food til besøkande utanfor Sagastad.
Vikinglinja held til i vikingleiren, der dei bidreg med levande formidling og demonstrasjon av hærkamp. Hestelinjene har eige show på Norsk Fjordhestsenter. Kreativ saum og strikk, sirkuslinja Movement X og friluftsliv skal også vere med på moteshowet til One Node i Sagastad – der både elevar og tilsette skal vise fram plagg frå One Node og strikkeplagg av restegarn.
– Denne veka viser kor ulik ein skulekvardag kan vere, og kor fint det er når folk gjer noko saman og går litt ut av komfortsona. Samstundes må eg få skryte av turlaga som stiller opp og bidreg med det dei kan. Det er veldig kjekt, avsluttar Førde.
Praktisk informasjon
Dato: Laurdag 26. april 2025 – første røyksignal startar kl. 13:00.
Utstyr: Ta med mat og drikke, gode sko og kle deg etter véret.
Meir informasjon: Turane ligg også ute på friluftslivetsar.no.
Arrangementet er gratis og for alle.
Kontaktperson overordna:
Silvia van Hesik Førde | Rektor ved Fjordane Folkehøgskule
Mobil: 926 12 455 eller rektor@fjordane.fhs.no.
Ei stor takk til:
DNT Midtre Nordfjord Turlag
DNT Ytre Nordfjord Turlag
Keipen Turlag
Troda 4H
Stad kommune
Brannvesenet
Grunneigarar
Sagastad