Fjordane folkehøgskule på andreplass i Folkehøgskolenes berekraftskåring  

Fjordane folkehøgskule har i fleire år jobba målretta med berekraft, og no har innsatsen blitt lagt merke til. Folkehøgskulen på Nordfjordeid kom nyleg på andreplass i folkehøgskolenes berekraftskåring i Noreg.  

Dette betyr mykje for oss og vi er veldig stolte av andreplassen. Berekraft har vore ein naturleg del av skulekvardagen vår i fleire år, så denne anerkjenninga inspirerer oss til å stå på ytterlegare, seier rektor Silvia van Hesik Førde.  

Heder til Fjordane under Folkehøgskolenes berekraftspris 2024 

Frå talen ved utdelinga vart det sagt følgande om Fjordane fhs: «Før vi kårer vinneren vil vi derfor hedre Fjordane folkehøgskole – skolen som til tross for å ikke vinne, har imponert juryen. Skolen fortjener skryt for å kun reise med fly for én linjes studiereise og for utslippskutt gjennom bruk av fjordvarme og en ny miljøstasjon.  

I tillegg blei den pedagogiske innsatsen løfta fram, der elevane lærer om berekraft gjennom konkrete tiltak, som skulen sitt drivhus og oppfordringar til gjenbruk. Kåringa er ein del av dei fem folkehøgskulestyrene sitt berekraftvedtak, og juryen bestod av representantar frå FN-sambandet, Miljøfyrtårn og folkehøgskulane sentralt. 

Ein klimamotivert folkehøgskule 

Fjordane folkehøgskule vart i 2020 Miljøfyrtårn-sertifisert, og fekk same året Debio-bronse for satsinga på økologisk mat. 

Det handlar om å ta bevisste val kvar dag. Vi vil at elevane våre skal få med seg gode vanar vidare i livet, anten det handlar om å velje kortreist mat, reise meir miljøvenleg og oppmuntre til kortreiste turar, samt bidra til fellesskapet, seier Førde. 

På skulen blir det dyrka eigne grønsaker, urter og bær i ein 100 kvadratmeter stor grønnsakshage.  

Elevane er sjølve med på heile prosessen, frå planting, stell og innhausting. Dette er med på å gje dei ei heilt anna forståing av kor maten kjem frå, og gjer måltida endå meir spesielle, seier rektoren.  

Kjøkkenet bakar sitt eige surdeigsbrød, fermenterer grønsaker og prioriterer lokale råvarer når det er mogleg. Med gode ingrediensar får elevane servert smakfulle og næringsrike måltid fire gongar dagleg, alltid med vegetar- og veganske alternativ. Minst 1–2 middagar i veka er reine vegetarrettar. 

 

Prioriterer kortreiste opplevingar 

Med fjordar, fjell og hav rett utanfor døra har Fjordane Folkehøgskule gjort eit bevisst val om å prioritere nærturar framfor lange utanlandsturar. 

Kvifor reise langt av garde når vi bur midt i den vakraste naturen i verda? spør Silvia. 

Skulen tilbyr naturopplevingar som surfing i Hoddevik, vinterturar til Stigedalen og fjordcamping i Krokpollen. Når linjene reiser til utlandet, vel dei buss framfor fly. 

Bussreiser gjer at vi får oppleve meir av landa vi besøker, samtidig som vi reduserer klimafotavtrykket vårt, forklarer Silvia. 

 

Eit år med meining  

Berekraft handlar ikkje berre om miljø, men også om det sosiale ansvaret. Gjennom året bidreg elevane med alt frå strandrydding og søppelplukking til bistandsprosjektet «Prosjekt Filippinene» som skal bidra til at born og unge i landet får ei lysare framtid.  

Det handlar ikkje berre om klima, men om å bry seg om andre. Vi vil at elevane skal oppleve at små handlingar kan bety mykje, seier Silvia. 

At Fjordane Folkehøgskule no har blitt kåra til ein av dei mest berekraftige folkehøgskulane i landet, er ei viktig stadfesting på eit viktig arbeid.  

Vi er stolte, men ikkje ferdige. Dette er eit arbeid som må fortsetje kvar einaste dag, og vi håpar vi kan inspirere andre til å gjere det same, avsluttar Førde. 

Rektor Silvia van Hesik Førde

Det handlar om å ta bevisste val kvar dag. Vi vil at elevane våre skal få med seg gode vanar vidare i livet – anten det handlar om gjenbruk, å bidra til fellesskapet eller velje kortreist mat og turar i nærområdet, for å nevne noko.
— Silvia van Hesik Førde