Fasilitetar
Speilsal med dansegolv
Løken kino
I hovudbygget finn du matsalen – ein samlingsstad der god mat og hyggeleg stemning går hand i hand. Her et du frukost, middag og kvelds i lag med dei andre elevane, og smører nista di til lunsj. Kvar fredag er det ekstra stas med felleslunsj der både elevar og personalet deltek.
Matsalen er ein flott plass å bli kjent med medelevar eller slå av ein prat med venner frå andre klassar som du kanskje ikkje har møtt tidlegare på dagen. Det er noko spesielt med å dele måltida saman – det skaper fellesskap og gode minner. Kaffimaskina vår står klar dersom du vil nyte ein kopp kaffi, eller ein varm kopp te?
Maten vår er heimelaga med kjærleik av våre dyktige kokkar, og vi er stolte av å ha Debiomerket i bronse. Det betyr at minst 15 % av serveringa er økologisk. Vi tilbyr også glutenfritt, laktosefritt, vegetar og vegansk alternativ, og tek alltid hensyn til allergiar og spesielle diettar.
Her finn du noko for alle – alltid servert med eit smil!
Matsalen
Storsalen vår, som vi kallar “Aulaen,” er eit fantastisk rom med mange bruksområde og mykje aktivitet gjennom heile dagen. Her er det plass til alle elevar og lærarar, og vi startar kvar dag med ei stemningsfull morgonsamling som gir ein fin start på dagen. Aulaen er også klasserommet til sirkuslinja. Musikallinja brukar også den store scena aktivt i si undervisning.
Det er høgt under taket i Aulaen, både bokstaveleg og symbolsk – her er det rom for store ambisjonar, kreative prosjekt og mykje moro. For sirkuslinja er rommet godt utstyrt med alt ei sirkusspire kan ønske seg, frå takpunkt for luftakrobatikk til matter og anna utstyr som trengs for å utforske kunsten. Musikallinja nyt godt av det profesjonelle lys- og lydanlegget, som gjer at scena verkeleg kjem til sin rett i både øvingar og framføringar.
Aulaen lever også på kveldstid, der den blir brukt til alt frå trening og valfag til filmkveldar og konsertar.
Uansett om det er øving til ei framsyning, ein intensiv sirkustime eller ein avslappande filmkveld, er Aulaen eit rom som skapar minner og samlar folk. Her blir det ofte høyrt latter, musikk og applaus – ei påminning om alt det spennande som skjer i løpet av skuleåret.
Aulaen med stor scene
Ved sida av matsalen ligg peisestova – hjartet av skulen! Dette er ein plass for både avslapping og sosialt samvær, med noko for alle. Du finn fleire koselege sofagrupper som blir flittig brukt til brettspel, samtalar og andre sosiale aktivitetar. Hyllene er fulle av bøker og brettspel, og det er sjølvsagt også ein TV her for dei som vil sjå noko saman.
I helgene spreier peisen ei lun og koseleg stemning, og ofte blir det peiskos med mat på bålet eller grilla marshmallows. Stemninga blir ekstra magisk når nokon av elevane finn fram pianoet og fyller rommet med musikk. Her er det alltid noko som skjer, enten du vil slappe av eller vere sosial.
Peisestova
Speilsalen vår er stor, lys og innbydande – eit perfekt rom for dans, trening og kreativ utfalding! På ein langvegg og ein kortvegg er det speil frå tak til golv, noko som gir ei god romkjensle og gjer det lett å følgje med på teknikk og rørsler. Langs den andre langveggen, der dei store vindauga slepp inn mykje naturleg lys, finn du ballettbarrar som strekkjer seg i heile rommet.
Golvet i speilsalen er eit sportsgolv, utforma for å vere skånsamt mot kroppen og ideelt for aktivitetar som dans, styrketrening og andre fysiske øvingar. Det er trygt og behageleg å bevege seg her, enten du øver på ein piruett, ein koreografi eller driv med oppvarming.
Speilsalen fungerer som klasserommet til musikallinja, der det blir øvd på alt frå dansenummer til sceneopptredenar. Det er her mange av dei kreative ideane tek form, og der samspel mellom bevegelse og musikk verkeleg kjem til live.
På fritida blir speilsalen også brukt av andre elevar – kanskje nokon vil øve på ein dans, halde ei treningsøkt, eller berre bruke rommet til å strekke ut og slappe av etter ein lang dag.
Treningsrommet vårt er godt utstyrt og gir deg moglegheita til å trene dei fleste muskelgruppene på ein effektiv og variert måte. Her finn du alt frå tredemøller, syklar og romaskiner til manualar og styrkeapparat – perfekt for både kondisjonstrening og styrketrening. Vi har også matter og anna utstyr for dei som vil gjere funksjonelle øvingar, yoga eller tøying.
Treningsrommet er tilgjengeleg for alle elevar frå morgon til kveld, så du kan tilpasse treningsøktene dine akkurat slik det passar deg. Det er ekstra praktisk når treningsrommet ligg på skulen, berre få steg unna der du bur. Kanskje blir dørstokk-mila litt lågare når treningsmoglegheitene er så nærme?
Sirkusklassen og friluftsklassene bruker treningsrommet av og til i si undervisning, enten det er for å byggje styrke, jobbe med kjernemuskulatur eller førebu seg til ulike aktivitetar. For deg som elev betyr dette at du har tilgang til eit treningsrom som er tilrettelagt for mange ulike behov, anten du er nybegynnar eller meir erfaren.
Vi har garderobar med dusj, så du kan friske deg opp etter ei økt. Og det beste? Her slepp du å betale ekstra for eit treningsabonnement – alt er inkludert! Treningsrommet er ikkje berre ein plass for fysisk aktivitet, men også for velvære, meistring og å ta vare på helsa.
Treningsrom
På Fjordane har vi mange klasserom som står klare til bruk frå morgon til kveld. Her finn du rom med god atmosfære, tilrettelagt for læring, kreativitet og samarbeid. Det er ikkje uvanleg å sjå elevar som samlast på kveldstid for å jobbe med prosjekt, lese eller vere sosiale saman.
Når vêret spelar på lag, tek vi gjerne undervisninga ut i naturen. Frisk luft, vakker utsikt og praktisk læring skapar ei heilt spesiell oppleving.
Her har du alle moglegheiter til å lære, både inne og ute.
I kjellaren ligg romma som blir brukte av kunstlinja og kreativ saum og strikk. Her er det både teikne- og maleverkstad, syrom, keramikkrom og glasverkstad. Vikingane har også sitt hovudklasserom der nede. I tillegg er det ei snekkerbod, der ein kan drive med trearbeid.
På Vaskerommet kan vaske kle, det ligg også i kjellaren.
Klasseromma våre
Løken Kino er meir enn berre ein kinosal – det er eit fleirbruksrom der kreativitet og samvær står i sentrum. Her kan du sjå filmar på stort lerret med prosjektor og god lyd, spele favorittspela dine, eller bruke rommet til bandøving og andre aktivitetar.
Med eit utval av spel og moglegheita til å sette opp alt frå gaming-turneringar til små konsertar, er Løken Kino ein plass der stemninga alltid er god og moglegheitene mange. Uansett kva du brukar rommet til, er det alltid ein plass for gode opplevingar og sosialt samvær.