Likar du å lage mat som smakar skikkeleg godt?
Fjordane Folkehøgskule søkjer etter ein kokk som vil lage smakfulle og næringsrike måltid til både elevar og kursgjestar. Stillinga er 60-80 % i turnus, noko som betyr at du vil jobbe både dagtid, kveldar og nokre helger, i perioden 1. april – 30. september, med moglegheit for forlenging.
Meir om jobben
På Fjordane handlar mat om meir enn å mette magar. Vi legg vekt på gode smakar, lokale råvarer og heimelaga mat som gir energi i kvardagen og som gjer oss godt. Matglede er derfor viktig, og matintoleransar er ingen hindring. Kvar veke har vi ein til to kjøttfrie dagar og vi tilbyr alltid vegetariske og veganske alternativ til elevane våre.
I tillegg til maten, er det menneska som gjer denne arbeidsplassen ekstra kjekk. Du vil jobbe tett på elevane, så eit smil over grytene eller litt latter under oppvasken er bra, for her blir du ein viktig del av eit levande skulemiljø.
Kva vil dine arbeidsoppgåver vere?
Lage smakfulle rettar, både kalde og varme, til frukost, lunsj, middag og kvelds
Planlegge vekesmenyar saman med kjøkkenteamet
Sørge for godt reinhald på kjøkkenet, matsalen og elles rundt deg
Følgje våre rutinar for HMS og mattryggleik
Kven ser vi etter?
Vi er ikkje så opptatt av at du må ha fagbrev – det viktigaste er at du likar å lage mat og trivst på kjøkkenet. Kanskje har du jobba med mat før eller kanskje er du den som alltid lagar mat når vennegjengen samlast?
Vi trur du passar inn hos oss om du:
Har stor interesse for mat og gode råvarer, og likar deg på kjøkkenet
Trivst å vere rundt ungdommar og er energisk
Har eit smil på lur og likar å jobbe saman med andre
Synest det er kjekt å eksperimentere med nye smakar
Kan jobbe turnus, inkludert kveldar og helger
Er fleksibel og tek i eit tak der det trengst
Kva kan du vente deg?
Ein variert kvardag der du får lage mat frå botnen av
Moglegheit til å jobbe med kortreiste råvarar og sjølvdyrka mat
Ein triveleg arbeidsplass med kjekke kollegaer
Tilgang på treningsrom med eit stort utval av apparat
Løn etter tariff gjennom Virke
Pensjonsordning- og medlemskap i KLP
Om oss
Fjordane Folkehøgskule ligg på Nordfjordeid, i Stad kommune på Vestlandet. Vi er ein frilynt skule med eit breitt spekter av linjer. Her møtast ungdommar frå inn- og utland for å oppleve eit år med glede, meistring og nye vennskap – heilt utan karakterpress.
Vi er stolte av å:
vere Miljøfyrtårn-sertifisert som vise at vi tar miljø- og samfunnsansvar på alvor
bruke Fairtrade-produkt som styrkar bønder og arbeidarar i fattige land
vere Debio bronsegodkjent, dvs. at minst 15% av matserveringa vår er økologisk
Når skuleåret er over, blir vi i perioden 15.mai til 15.august ein konferansestad, med faste arrangement.
Fekk du lyst til å søkje?
Om dette freistar, håpar vi at du sende søknad og CV på e-post til rektor@fjordane.fhs.no innan
23. mars 2025. Har du spørsmål, ring rektor Silvia van Hesik Førde på telefon 926 12 455, eller internatleiar Gunnhild Myklebust på tlf. 48215686.
Følg oss gjerne på Instagram eller Facebook for å bli betre kjent med oss eller les meir på fjordane.fhs.no.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Er du Fjordane Folkehøgskule sin neste kjøkken -og internatassistent i 50%- vikariat?
Er du vår nye kjøkken og internat assistent? Vi har ledig stilling, 50% vikariat!
Tilkallingsvikar i ca 50% på Fjordane folkehøgskule frå 01.01.2025
Fjordane folkehøgskule søkjer ein engasjert medarbeidar som kjøkken- og internatassistent.
Vi søkjer deg som er engasjert og ønsker å bidra til at alle får god mat og reine lokalar.
Kven ser vi etter?
Genuint opptatt av å lage mat med gode lokale råvarer.
Effektiv, blid og hyggeleg
Likar å jobbe i team
Punktleg og påliteleg.
Serviceinnstilt overfor elevar og kollega
Dine arbeidsoppgåver vil vere:
Lage mat til elevane
Klargjering av matsalen før og etter måltidene
Enkel rydding og vasking
Klargjering av internatet til overnatting ved kurs og konferanse
Skal du søkje?
Send søknad og CV på e-post til rektor@fjordane.fhs.no. Har du spørsmål kontakt Rektor Silvia van Hesik Førde på telefon 926 12 455.