
Kvifor skal du velge Fjordane Folkehøgskule?
Tenk deg eit år der du kan vere akkurat den du er. Eit år der du vil møte eit mangfald av menneske du elles aldri ville møtt. Eit år med nye vener og augneblink du aldri vil gløyme. Eit år der du vil kjenne glede og meistring når du prøvar noko nytt eller gjer meir av det du likar aller best.
Dette får du saman med oss på Fjordane Folkehøgskule.
-
Du kan velge mellom 11 spennande linjer! 🥳
Vi har noko for alle – for deg som elskar å vere i stallen, til deg som ønskje å skape noko med hendene. Kanskje vil du lære akrobatikk på Noregs einaste sirkuslinje, eller leve som ein viking? Kanskje du berre vil bli meir sjølvstendig og oppleve spektakulær vestlandsnatur?
-
Ida valgte å ta ei pause frå studiane for å gå på Fjordane Folkehøgskule. 🤩
For Ida var overgongen til høgare utdanning utfordrande. Ho bestemte seg for gå eit år på folkehøgskule i stadanfor, eit valg ho ikkje angrar på.
– Eg sit igjen med tanken om at folkehøgskule er dei beste pengane eg nokon gong kjeme til å bruke. Her har eg fått utvikla meg som person, fått tilbake motivasjon, møtt nye menneske, prøvd nye ting og fått ei pause frå karakterpresset, seier Ida. -
Ver deg sjølv, samtidig som du gjer ein forskjell. 💚
Med oss kan du vere deg sjølv, i eit miljø som er trygt og støttande, utan fordomar og som vil heie deg fram. Vi bryr oss om menneska, miljøet og samfunnet rundt oss. Kvar dag prøvar vi derfor å ta gode val for å bidra til ei betre framtid.

Kva seie elevane våre?
Dette er nokre av folka du vil bli kjent med
Lurar du på noko?
Om du har alt frå praktiske spørsmål til korleis det er å vere elev med oss, så ikkje ver redd for å spørje. Vi er her for å hjelpe deg!
