Er du glad i å stå på scena? Jobbe kreativt og vere i fysisk aktivitet samtidig? Kanskje du ser ei framtid med vidareutdanning innan utøvande scenekunst, sirkus eller dans? Dette er linja for deg!
Movement X er også linja for deg som aldri har framført noko på ei scene før, og som ikkje har erfaring med verken sirkus eller dans, men som har veldig lyst å prøve! Sirkuslinja Movement X gir deg ei innføring i scenekunst i form av akrobatikk, dans og drama, og du får fordjupa deg i ulike sirkusdisiplinar som handståande, sjonglering og trampoline, i tillegg til luftakrobatikk som trapes, ring/lyra, tau, tissue og Chinese pole.
I tillegg til linjefaga tilbyr skulen mange spennande valgfag som er relatert til sirkusfaget: voltige, klatring, musikal, redesign, kunst og mange fleire.
Kombinasjonen av å kjenne velværet med å vere i god fysisk form, oppdage at ein får kroppskontroll og det å lære å meistre ulike sirkusdisiplinar blir ein stor inspirasjon, som ein tek med seg vidare i livet.
Movement X på Fjordane er den einaste linja i Noreg der ein kan drive med nysirkus på fulltid eit heilt skuleår - utan eksamen!