Lærar på Friluftsliv - all inclusive
kjartan.haaland@fjordane.fhs.no
Etter å ha sett og utforska store delar av det langstrakte landet vårt, enda Kjartan opp på Nordfjordeid, der moglegheitene er uendelege for friluftsentusiaster som han.
Kjartan er utdanna friluftslivslærar ved Universitetet i Sørøst-Norge, og har erfaring som instruktør og rettleiar innan eit breitt spekter av friluftslivsaktivitetar.
Han elskar å utfordre elementa som finst ute i naturen, året rundt. Han elskar å klatre på alt fra småstein til større fjell, søke toppar på ski og sykkel, utforske havet - over og under, i vinden og på bølga. Når mørket fell på etter ein god dag ute, set han pris på når alle samlar seg rundt bålet.