Spania - Bu og fritid

spania-buogfritid1.JPG

På tur til Spania i trygge rammer

Utenlandsturen til Bu og Fritidslinja er lagt til vårsemesteret. Vi har reist til Spania. Malaga, Granada, Sevilla og Gran Canaria. Dette er en tilrettelagt tur, vi har møtt eit rikt kulturliv, i storby og på landsbygd. Turen er inkludert i linjekostnadane. 

Kjekke opplevingar saman

På nært hold har vi fått oppleve fantastiske strender, yrende folkeliv og livlig atmosfære. Vi har fått sett gamle landsbyer, store opplevingsparkar samt prøve ulike mattradisjonar frå ulike kulturar.

Nokre av tinga vi har opplevd er dyreparkar, museer, strandliv, shopping, badeland, fantastisk mat, sommarvarme, sykkelturar, strandliv og bading.

Då vi har vore på tur i «syden» har det sjølvsagt vore tid til strandliv. Byane og stadane vi besøker varierar frå år til år. Årets reisemål blir bestemt i samarbeid med årets klasse.

STERKARE BEMANNING

Bemanninga på desse turane er sterkare enn på dei andre turane. Det er ekstra viktig å kjenne seg trygg på tur. Vi hjelper til med det som trengs og det varierer sjølvsagt mykje frå elev til elev.

Fast base  

Vi bur på hotell, hus eller leiligheter kor vi har ein fast base som kan kjennes trygt for alle.

Bli trygg i eit nytt land

Vi vil også fokusere på korleis det er lurt å bruke pengane på tur. Det er eit fint høve til å bestille og prøve nye matrettar i eit nytt land. Å ta seg fram i eit framand land kan også vera spennande, vi trenar på å finne veien til restauranten, viktige stader i byen vi er i, og hotellet vi bur på.

 

Forrige
Forrige

Portugal - Hestelinjer

Neste
Neste

Kingsland Oslo Horse Show - Hestelinjer