Europa - Movement X - Modern Circus & Performing Arts

P4062280.JPG

Bli med på ein tur som både er snill mot miljøet og proppfull av opplevingar! Vi ønskjer å oppleve mangfaldet av sirkuskulturen som ein finn i Europa, og reiser derfor med tog innom fleire land og byar, for å gje deg så mange gode sirkus- og kulturopplevingar som mogleg.

Skuleturen er inkludert i skulepengane. Den står fast på programmet i vårsemesteret, og destinasjonane varierar frå år til år. Dette skuleåret fekk elevane mellom anna sjå Martin Riedel, ein av linjelærarane, opptre på sjølvaste Cirque du Soleil i Barcelona! Turen gjekk vidare gjennom vakre Italia der vi besøkte to sirkusskular i Torino, og såg ei kjend forestilling i Milano. Vi avslutta reisa med eit opphald i København, der vi både var med Juggling Convention og besøkte sirkusskulen i byen.

Formålet med turen er i første rekke å få fagleg inspirasjon og påfyll. Vi reiser heim med ny motivasjon og lærdom, etter å ha fått møtt andre med samme interesse og eit større fagmiljø innan nysirkusverda. I tillegg til at du skal få utvikle deg fagleg, er det sjølvsagt eit viktig poeng at vi skal ha ein kjekk klassetur saman. Vi har mange fine sosiale opplevingar i lag, ser gjerne et sirkusshow eller to, og utforskar byens kultur og sjåverdigheiter.

 

Forrige
Forrige

Togtur i Europa- Kunst 

Neste
Neste

Danmark - Hestelinjer