Surf, fjell og camp i Hoddevika

Ei av Norges beste surfestrender

I starten av skuleåret reiser vi på ein "bli kjent-tur" til vakre Hoddevika. Dette eineståande surfeparadiset ligg berre ein liten time i bil unna skulen vår. Alle som vil, får prøve seg på surfebrettet, noko som er ei fantastisk oppleving enten du er heilt fersk, eller er meir dreven på bølgene.

Fjelltur i vakker natur

Dersom du er glad i å gå på tur, byr Hoddevika også på fleire flotte turopplevingar i fjella som ligg rundt. Vi tar turen opp til toppar med fantastisk panoramautsikt!

Bålkos og bølgeskvulp

Ellers kan du gle deg til mange kjekke aktivitetar ilag med resten av gjengen, og til å avslutte dagen rundt bålet på stranda.

Forrige
Forrige

Fjord Explore - Krokpollen

Neste
Neste

Vintertur til Stigedalen