Folkehøgskulestart i Korona-tid
Det blir folkehøgskule til hausten, opptaket er i full gang og det er framleis ledige plassar!
Skulen har ein tett og god dialog med kommuneoverlegen i Stad kommune, og saman legg vi rammene for eit trygt skuleår for alle elevar og tilsette. Året på Fjordane kjem stort sett til å gå som planlagt, men nokre koronatilpassingar må vi gjere, og nokre ekstra reglar må vi ha.
Det vi må passe ekstra godt på er:
Avstand - God handhygiene - Ikkje vere saman med andre om vi blir sjuke
Før du kjem
I 10 dagar før du kjem til oss ber vi deg, om mogleg, å unngå kollektivtransport og unngå forsamlingar med mange menneske. Grunnen til dette er at du ikkje skal ta med deg smitte til skulen. Dersom du har symptom på korona-smitte før skulen startar, må du utsette reisa ein dag etter at du er symptomfri. Les også anbefalingane frå helsenorge.no.
Ankomst
Vi kjem til å dele elevgruppa i to, der den eine gruppa kjem til skulen fredag 28. august, og den andre gruppa kjem laurdag 29. august. Dette gjer vi for å ivareta regelen om avstand, då dei fleste elevane kjem saman med føresette. Kva gruppe du er i og kor tid du skal møte opp på skulen vil du få beskjed om i løpet av juni.
Busituasjonen
På Fjordane bur alle elevar i paviljongar, små hus, med til saman ti elevar i kvart hus. Husa har fire doble rom og to enkle rom kvar. Kvart rom har handvask og paviljongen har felles dusj og toalett. Romma er tildelt på førehand. Så lenge du ikkje har symptom på korona-smitte, men ivaretar god handhygiene og held fysisk avstand til den du bur saman med, er det ikkje problem knytt til det å bu i paviljongane. Les meir om paviljongane på heimesida vår.
Skulekvardagen
Dei første 10 dagane kjem vi til å vere på skulen. Vi kjem til å gjennomføre diverse tiltak, som for eksempel at ikkje alle et samstundes. Vi kjem heller ikkje til å reise på turar saman før etter 10 dagar. Informasjon om desse tiltaka får de når de kjem på skulen. Etter 10 dagar vil skulekvardagen bli så normal som mogleg, og vi dreg for eksempel på bli-kjend-tur til Hoddevika.
Kva gjer eg dersom eg trur eg er smitta?
Dersom du får symptom på korona-smitte etter at du er på plass på skulen, kan vi forsikre deg om at du blir du godt passa på! Ved mistanke om smitte, vil du bli testa og du blir isolert frå dei andre elevane.
Turar
Vi brukar nærområdet vårt til mange av turane våre. Desse gler vi oss til å gjennomføre som planlagt! Alle utanlandsreiser i regi av Fjordane folkehøgskule er lagt til våren, men vi må ta høgde for dei til ei kvar tid gjeldande råd og restriksjonar frå myndigheitene. Korleis vi gjennomfører turane vil vi kome tilbake til utover skuleåret.
Meir informasjon om Korona
Informasjon om folkehøgskule og Korona på folkehogskole.no
Koronavirus - temaside frå Folkehelseinstituttet
Informasjon om Korona frå helsenorge.no