Ledig stilling

Assistent ved Bu og fritidslinja

Fjordane Folkehøgskule har ledig eit vikariat i 100 % stilling som assistent ved Bu og fritidslinja vår.

Stillinga er ledig frå 17. august 2020 til 1. april 2021.

Søknadsfrist: 1. juli 2020.

Fjordane-bilde1-friluftsliv.jpg

Som assistent ved Bu og fritidslinja bidreg du til å skape ein meiningsfull kvardag for elevane. Du er medhjelpar, rettleiar og omsorgsperson i undervisningssituasjonar, men også i fritida deira. Som assistent deltek du i turnus med arbeid kvar tredje helg.

Vi søkjer primært etter ein person med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Personar med anna utdanning kan også vere aktuelle. Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Arbeidsoppgåver:

  • Oppfølging og rettleiing av elevane i timane og på fritida, i samarbeid med ansvarleg lærar.

  • Arbeid med å styrke sosial kompetanse

  • Iverksetjing av aktivitetar på ettermiddag og kveldstid.

Personlege eigenskapar:

  • Du er glad i ungdom og er oppteken av deira utvikling og læring

  • Du har evne til å etablere gode relasjonar og har godt humør

  • Du er fleksibel og har stor arbeidskapasitet

  • Du er tolmodig og konsekvent

  • Du er bevisst på ditt ansvar som rollemodell for elevane

Vi tilbyr:

  • Eit triveleg arbeidsmiljø

  • Innhaldsrikt og variert arbeid

  • Mykje frisk luft i ein aktiv kvardag

  • Fri i haustferien, juleferien (14 dagar), vinterferien og påskeferien

Det er pliktig medlemskap i KLP. Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til rektor Silvia van Hesik Førde på telefon: 92612455

Ytterlegare informasjon om skulen og linja :

Søknad med rettkjende kopiar må sendast på e-post til: rektor@fjordane.fhs.no

eller i post til:

Fjordane Folkehøgskule
Boks 130
6771 Nordfjordeid

Forrige
Forrige

Online open dag

Neste
Neste

Folkehøgskulestart i Korona-tid