Ledig stilling som musikallærar og linjeleiar

Fjordane folkehøgskule har ledig ei 70-100 % fast stilling som lærar og linjeleiar på musikallinja frå 1. august 2021. Søknadsfrist: 20. mai.

Teacher and leader of the Musical line: Download the job advertisement in English (pdf)

stillingsannonse.jpg

Fjordane folkehøgskule har ei heilt unik samansetning av linjer: Friluftsliv er ei reise gjennom årstidene, Movement X er den einaste nysirkuslinja i landet, Vikingliv har eige langhus og Musikal er lokale og internasjonale. Vi er størst på hest med to allsidige hestelinjer, Kunst/foto/glas/reise freistar mange og Bu og fritid er tilpassa dei elevane som treng ekstra tilrettelegging

Vi ønsker gjennom ein meiningsfull kvardag å utfordre elevar og tilsette til å vere ansvarlege deltakarar i eit berekraftig fellesskap. Vi skal saman skape vårt beste år gjennom utvikling, glede og vennskap.

Fjordane folkehøgskule ligg midt i Nordfjordeid, som igjen ligg midt i Stad kommune, heilt nord i Vestland. Nordfjordeid er handelssenteret i regionen, og skulen ligg i gangavstand til det meste.  

Nordfjordeid er ein pulserande tettstad som er kjend for eit rikt idretts- og kulturliv. Om sommaren kan du mellom anna oppleve ein av landets største og beste rockefestivalar, Malakoff. Gjennom året kan du få med deg både opera, teater og konsertar i Operahuset Nordfjord og Gymmen scene, som ligg like ved skulen. 

Naturen er tett på og det er kort veg både til surfestranda Hoddevik, ytterst i kommunen vår, og til små og store naturopplevingar på fjellet, i skogen og ved fjorden i heile Stad.

Musikal West End

Musikallinja er eit flott tilskot til skulemiljøet, og eit viktig del av linjetilbodet vårt. Vi søker no etter ein samfunnsengasjert person med undervisningserfaring frå musikkteater, med særleg vekt på dans, teater og song. Stillingsprosenten vil vere avhengig av undervisningskompetansen innanfor dei tre retningane.

På musikallinja får elevane eit breitt og variert fagleg tilbod. Linjeleiaren påverkar sjølv mykje av innhaldet på linja, gjerne i samarbeid med elevane.

Meir informasjon om linja.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for elevane og det heilskaplege tilbodet på musikallinja

  • Undervisning i song/dans/musikkteater, regi og koreografi

  • Ansvar for studietur for musikallinja

  • Samarbeid med andre linjer på skulen

  • Ansvar for planlegging og organisering av musikallinja

  • Store og små regioppgåver på linja

  • Tilsyn og sosialpedagogisk arbeid (turar, elevkveldar, skulearrangement, morgonsamlingar, etc.)

  • Undervisning i valfag

Kvalifikasjonar

  • Utdanning i musikkteater/musikal frå fagskule eller høgskule/universitet

  • Utøvarerfaring i musikkteater/musikal

  • Undervisningskompetanse i dans, musikkteater og song

  • Personar med anna utdanning kan også vurderast. Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Personlege eigenskapar

  • Trygg, engasjert og kreativ

  • Gode kommunikative evner

  • Trivst med å arbeide med unge menneske

  • Sjølvstendig og ansvarsbevisst

  • Gode samarbeidsevner

  • God på planlegging og organisering

  • Fleksibel og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Ei lærerik og utfordrande stilling i eit aktivt og spennande folkehøgskulemiljø

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk

  • Gode pensjonsvilkår

  • Eit triveleg arbeidsmiljø

Kontaktinformasjon

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til rektor Silvia van Hesik Førde på telefon: 92612455.

Ytterlegare informasjon om skulen:

Søknad med rettkjende kopiar skal sendast på e-post til: rektor@fjordane.fhs.no eller til Fjordane folkehøgskule, Boks 130, 6771 Nordfjordeid innan 20. mai 2021.

Forrige
Forrige

Ledig stilling som reinhaldar/kjøkkenassistent

Neste
Neste

Online open dag