Ledig stilling som reinhaldar/kjøkkenassistent
Fjordane folkehøgskule har ledig stilling som reinhaldar/kjøkkenassistent i 35 % fast stilling frå 1. august 2021.
Vi søker ein person med godt humør, positiv innstilling, med gode samarbeidsevner, og som er glad i å arbeide med ungdom. På grunn av utleigeverksemd i sommarhalvåret er vi på jakt etter ein medarbeidar som kan tenke seg å jobbe ekstra på internat/kjøkken, og som kan stille som vikar ved sjukdom o.l. elles i skuleåret.
Søknadsfrist: 2. juni.
Fjordane folkehøgskule har ei heilt unik samansetning av linjer: Friluftsliv er ei reise gjennom årstidene, Movement X er den einaste nysirkuslinja i landet, Vikingliv har eige langhus og Musikal er lokale og internasjonale. Vi er størst på hest med to allsidige hestelinjer, Kunst/foto/glas/reise freistar mange og Bu og fritid er tilpassa dei elevane som treng ekstra tilrettelegging
Vi ønsker gjennom ein meiningsfull kvardag å utfordre elevar og tilsette til å vere ansvarlege deltakarar i eit berekraftig fellesskap. Vi skal saman skape vårt beste år gjennom utvikling, glede og vennskap.
Fjordane folkehøgskule ligg midt i Nordfjordeid, som igjen ligg midt i Stad kommune, heilt nord i Vestland. Nordfjordeid er handelssenteret i regionen, og skulen ligg i gangavstand til det meste.
Nordfjordeid er ein pulserande tettstad som er kjent for eit rikt idretts- og kulturliv. Om sommaren kan du mellom anna oppleve ein av landets største og beste rockefestivalar, Malakoff. Gjennom året kan du få med deg både opera, teater og konsertar i Operahuset Nordfjord og Gymmen scene, som ligg like ved skulen.
Naturen er tett på og det er kort veg både til surfestranda Hoddevik, lengst ut i kommunen vår, og til små og store naturopplevingar på fjellet, i skogen og ved fjorden i heile Stad.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene omfattar dagleg reinhald, periodisk reinhald og hovudreinhald av skulen sine lokale.
4 timar per veke skal arbeidsoppgåvene vere knytt opp mot kjøkkenet og inneber førebuing av måltid.
Stillinga inneber samarbeid og sjølvstendig arbeid.
Arbeidstid etter nærmare avtale.
Kvalifikasjonar
Fagbrev i reinhaldsfaget eller relevant erfaring er ønskeleg
Meistre norsk skriftleg og munnleg.
Vere innstilt på å arbeide i tråd med retningslinjer for reinhald, produkta og maskiner.
Gyldig politiattest må visast fram.
Personlege eigenskapar
Godt humør, og gode samarbeidsevner med ungdom og vaksne.
Lojal, positiv og høg arbeidsmoral.
Må kunne jobbe strukturert og effektivt, både åleine og saman med andre.
Bidra til eit godt arbeidsmiljø.
God fysisk form.
Vi tilbyr
Ei lærerik og utfordrande stilling i eit aktivt og spennande folkehøgskulemiljø.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk.
Gode pensjonsvilkår.
Eit triveleg arbeidsmiljø.
Kontaktinformasjon
Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å vende deg til internatleiar Gunnhild Myklebust på telefon: 48215686.
Ytterlegare informasjon om skulen: www.fjordane.fhs.no, www.facebook.com/fjordanefhs og www.instagram.com/fjordanefhs
Søknad med rettkjende kopiar skal sendast på e-post til: rektor@fjordane.fhs.no eller til Fjordane folkehøgskule, Boks 130, 6771 Nordfjordeid innan 2. juni 2021.