Skulehestane våre!

Dersom du skal gå Allsidig hestesport eller Ride- og køyresport og ikkje har eigen hest, får du sjølvsagt låne ein av oss!

På Fjordane har vi mange flotte skulehestar, alle med sin heilt eigen personlegheit. Som elev hos oss, vil du få låne ein av desse hestane. Skulehesten vil bli din trufaste ven gjennom skuleåret og skal hjelpe deg i utviklinga di som ryttar og kusk. Du vil få mange gode opplevingar og minner med både hesten og resten av klassa.

- Meir om Allsidig hestesport

- Meir om Ride- og køyresport

Forrige
Forrige

Bønna kaffibar

Neste
Neste

Einaste linja i landet!