Allsidig hestesport

Vil du oppleve eit år med hesteglede – der du og hesten står i sentrum? Eit år der du får prøve alle greinene innan hestesporten – alt frå dressur, sprang og feltritt, til halsring og køyring? Då er du på rett plass.

Her på Fjordane Folkehøgskule får du oppleve eit variert og kjekt år saman med hesten og andre menneske som er like opptatt av hest som du er. Du vil også få ein god smakebit på alt Nordfjord har å by på – både saman med hesten, men også på fellesturar med elevar frå dei andre linjene.

Ta med din eigen hest eller lån ein av våre flotte skulehestar

Dette kan du vente deg


  • 🐎 Variert undervisning slik at du får utvikle deg innan både klassiske disiplinar og samtidig får prøve alternative greiner som working equitation, natural horsemanship, voltige, mounted games og westernriding. 

  • 💪 Å utfordre deg sjølv i ulike settingar. Du får prøve alt frå feltritt, polocrosse, agility, naturridebane, til riding og overnattingsturar i flott vestlandsnatur.

  • 🥰 Å bli ein del av eit miljø der alle delar lidenskapen din for hest.  

  • 💚 At vi er opptatt av at hesten skal ha det bra og har stort fokus på hestevelferd.

  • 🎓 Undervisning tilpassa ditt nivå, enten du er fersk på hesteryggen eller har mykje erfaring og vil lære meir. 

 
 
 

Dette vil du lære

  • Korleis du kan byggje eit sterkt samspel med hesten. Du vil lære å forstå hestens kroppspråk og signal, og korleis ditt eige kroppsspråk og kommunikasjon påverkar den.

  • Hestevelferd

  • Dressur

  • Sprang

  • Feltritt

  • Sportskøyring (dressur/presisjon/maraton)

  • Longering og tømmekøyring

  • Fôringslære

  • Veterinærfag/sjukdomslære 

  • Utstyrslære

  • Hovpleie/beslag

  • Moglegheit til å ta Grønt Kort

  • Konkurranseridning

  • Salmaker

Våre forventningar til deg

For at du skal få best mogleg utbytte av året er det viktig at du:

  • Er motivert og interessert i hest

  • Ønskje å samarbeide og hjelpe andre

  • Open for læring

  • Vil prøve nye ting – "Det har eg aldri gjort før, så det klarer eg heilt sikkert", Pippi Langstrømpe mentalitet

Lån ein av våre skulehestar

Har du ikkje hest, men drøymer om det? Då kan du låne ein av våre skulehestar. Alle våre skulehestar er fjordhestar eller «fjordingar» som dei også kallast. Noko anna hadde kanskje vore litt rart? Vi heite tross alt Fjordane Folkehøgskule og held til midt i Nordfjord. Visste du at fjordhesten er super til å utforske allsidig hestesport med? Den er ein god læremeister, som både er sterk, uthaldande og samarbeidsvillig.

Fellesskap på hestelinjene

Vi er ofte i lag med dei to andre linjene, Ride- og køyresport og 2.års hestesport, i kvardagen. Både på fritida, men også i noko av undervisninga. Undervisninga inneheld både praktiske og teoretiske fag, der vi fokuserer på hestehandtering og hestekunnskap.

  • Programridning og stevner

  • Laushopping

  • Tømkøyring og longering

  • Utstyrslære, korleis påverker ulikt utstyr hestens komfort og ytelse

  • Hestekunnskap, temaer som anatomi, fysiologi, helse og ernæring

  • Ridelære og teknikk- korleis forbetre vår eige ridestil og kommunikasjon med hesten

  • Etikk og forståing av hestehald og hestesport

  • Besøk av veterinær og salmaker

  • Ryttartrening

Nordfjordeid har eit engasjert hestemiljø som gir moglegheiter til å delta på kurs og helgeaktivitetar utover skuletida også.

Vi legg stor vekt på at elevane ved hestelinjene skal få vere med å forme skulekvardagen og skape sitt år. Dermed kan innhaldet på linja variere noko frå år til år.

Opplev hingsteutstilling

Første helga i mai blir den årlege hingsteutstillinga for fjordhest arrangert på Nordfjordeid. Den tiltrekk seg hesteinteresserte frå både inn- og utland, og du kan få med deg flotte hestar, mønstring, testridning/køyring og mykje meir. I forkant kan du sjølv få øve på dine ferdigheiter i mønstring og prøve bruksprøvekøyring med skulehestane våre.


Linjeturar

Vi har i utgangspunktet to ulike inspirasjonsturar til utlandet, der hest sjølvsagt er hovudingrediensen! Endeleg destinasjon blir avtalt saman med elevane. Tidlegare turar har vore til Danmark, Portugal og Island

Linjetur: Danmark og/eller Portugal

Gle deg til hingstekåringa for Dansk Varmblod i Herning! Dette er ein fem-dagars tur til Danmark, med hest frå morgon til kveld. Under sjølve kåringa får vi sjå hingstar som stiller til kåring, i tillegg til dressur- og sprangklasser på elitenivå. Vi får også vere publikum på eit spektakulært gallashow. I tillegg kan vi besøke “Hest & Rytter”, Nord-Europas største messe med utstyr til hest og ryttar. Messesenteret er knytt til hingstekåringa, og har meir enn 250 utstillarar.

I Portugal bur vi på eit hestesenter utanfor Lisboa, og du får moglegheit til å ri dressur på velutdanna lusitanohestar under rettleiing av dyktige instruktørar. Du får også prøve deg på dressurøvingar på høgt nivå, som passage og piaff. Du kan sjå fram til å få eit innblikk i levemåten og kulturen i Portugal, og å få smake på heimelaga portugisisk mat. Vi skal også oppleve vakre Lisboa, hovudstaden og den største byen i Portugal

Faga

Klikk for å lese meir om eit utval av faga det blir undervist i:

Beslag

Beslag - her får du teoretisk innføring i hovens anatomi og funksjon før vi går i gang med praktiske øvingar. Du lærer å ta av sko, beskjære og slå på sko. Alle som har det daglege ansvaret for ein hest bør kunne å ta av ein sko når det er nødvendig. Her lærer du gjennom å øve på skoing av våre snille skulehestar. Dette er god øving og praksis dersom du vurderer å bli hovslagar. Nina som gjekk i lære hos våre hovslagarar under 2. året på Fjordane Folkehøgskule, jobbar no som hovslagar. Det kan du lese meir om på hennar facebookside.

Veterinærfag

Veterinærfag - er eit fag som gjev deg som ryttar, kusk og hesteeigar grunnleggande kunnskap om vaksiner, ormbehandling, sår- og sjukdomsbehandling, anatomi og mykje meir. Dette er eit fag du ikkje vil gå glipp av.

Ride- og køyreteori

Du får lære all den viktige basisen du treng i ride- og køyreteori. I dette faget går vi gjennom øvingane vi rir/køyrer på timane. Vi prøvar å kombinere teorien samtidig med det som blir undervist i praksis, slik at du får størst mogleg forståing for det vi jobbar med. Du lærer mellom anna om kva som er ein god spranghest, korleis ein bygger sprangbane, alt om hindertypar og anridning, i tillegg til sprangreglement og forskjellege bedømmingar i sprangriding og konkurransar. I dressurdelen har vi ein grundig gjennomgang av sits og hjelparar, kva er riktig form på hesten, og alle øvelsane til og med LA, i tillegg til nokre øvelsar i MB slik som versade og travèr. Dressurreglement og dressurprogram er også noko vi jobbar med i desse timane.

Salmakar

Salmakar – i byrjinga av skuleåret har vi faget salmakar, du lærer å reparere og sy i lær. Alle lager sitt eige leietau i lær med kjetting. Etter innføringa startar salmakar valfag der du kan for eksempel lage din eigen handsydde lærgrime, hundeutstyr eller reparere dine eigne ting. Det kan vere kjekt å prøve på om du funderer på ein god gammal karriere som salmakar sjølv. Det er fleire elevar som etter å ha gått her, jobbar vidare som salmakar på heiltid, deltid eller hobbybasis.

Dressurriding

Dressurriding – vi underviser etter dei klassiske rideprinsippa og har mykje fokus på korleis vi som ryttarar kan virke inn på hesten på ein rettferdig og god måte. Korrekt samspel med hesten er viktig for å oppnå framgang av ekvipasjen (rytter og hest). Du vil få ein gjennomgang av alle øvelsane frå LC til og med LA. Undervisninga følger utviklinga di, slik at du heile tida får utfordringar som passar for deg. Alle får tilpassa undervisning etter det nivået dei er på.

Sprangriding

Sprangriding - jobbar vi mykje med å få ein riktig sits både over og mellom hinder. Dette er viktig for å kunne påverke hesten til å hoppe på ønska hinderhøgde. Gjennom gymnastikkhopping og forskjellege sprangøvingar slik som å trene på å finne riktig avsprangspunkt, utviklar vi samspelet mellom hest og rytter. Banehopping kjem som ein naturlig del av undervisninga etter kvart som rytter og hest utviklar seg. Om du har hoppa mykje eller lite frå før, eller har ein urutinert hest tilpassar vi undervisninga etter det. Kvar vår har vi feltrittstrening og gjennomfører Fjordane Cup som er ein sammenlagtkonkurranse i dressur, sprang og feltritt.

Køyring

Køyring - får du ein gjennomgang av utstyret ein treng, og korleis du bruker utstyret. Du lærer korleis du tømmekøyrer hesten din, og kan trene hesten frå bakken. Du får ei grundig innføring i dressurkøyring, presisjonskøyring og maratonkøyring. Vi bruker skulehestane i køyretimane, og køyrer både på utebana og inne i ridehallen på 20mx60m bane. Ønsker du å bruke din eige hest kan du det etter avtale med læraren. Førebuing og deltaking i køyrekonkurransar står også på timeplanen.

Hestekunnskap

Hestekunnskap - lærer du om kva det inneber å ha hest i forhold til forskrifter, kva som kan vere viktig å tenke på om du kjøper eller sel hest, har hest på fôr eller leiger/låner, om kontrakt, forsikring og kven som har ansvar dersom det skjer noko.

Hestehald/hestehandtering

I desse faga er vi innom mange ulike emner som vil gjere deg meir komplett og kompetent som hesteperson. Leietrening, hingstehandtering, mønstring, longering, tømmelongering, lasting og transport av hest, tannsjekk, helsesjekk, pulstrening, sjukdomar, stell, hesten sine fysiologiske behov, avl, fôring, unghesthandtering og mykje meir.

Valfag og fellesfag

Kunne du tenke deg å lære litt meir om vikingliv, eller du har lyst å lære deg sirkuskunstar? Kanskje du likar fjellturar eller klatring, eller kanskje du helst vil ha ei roleg stund med yoga eller strikking? På Fjordane kan alle linjefaga også veljast som valfag! I tillegg har vi eit stort utval av andre valfag. Valfaga dine veljer du når skulen har starta om hausten, og kva fag skulen tilbyr kvart år, kjem an på interessa til elevane og samansetninga av lærarar. Du kan velje frå to til så mange valfag du vil i løpet av eit semester.
Les meir om valfaga på Fjordane.

Valfaga får du vere med på i tillegg til linje- og fellesfagtimar kvar veke.

Fellesfag er fag alle elevane har saman, og som både utfordrar og engasjerer. I løpet av skuleåret dreg vi på ulike turar, og vi har for eksempel elev-/temakveldar som Halloween og Kokkekamp.
Les meir om fellesfaga på Fjordane.

Elevhistorier

Les meir om kva tidlegare elevar seier om det å vere elev ved hestelinjene på Fjordane folkehøgskule:

Spørsmål om Allsidig hestesport? 
Bruk kontaktskjema eller ring oss på 57889880.

Forrige
Forrige

Vikingliv

Neste
Neste

Kunst - Foto - Glas- Reise