Kunst - Foto - Glas- Reise
Har du ei kunstspire i deg som du vil utvikle utan karakterpress og eksamenstress? Då kan eit år på kunstlinja på Fjordane Folkehøgskule vere akkurat det du treng.
Her får du prøve ulike teknikkar, material og kunstformer. I trygge rammer får du eksperimentere og lære, samtidig som du får utvikle din eigen stil – med støtte frå ein faglærar som sjølv er kunstnar.
Du blir ein del av eit levande og kreativt miljø. Med 11 spennande linjer og nesten 30 valfag får du moglegheita til å prøve noko nytt og bli godt kjent med elevar frå heile skulen – alt frå musikal, sirkus, til kreativ saum og strikk.
Gjennom året jobbar vi med ulike tema, både åleine og i fellesskap. Du vil få god rettleiing, men også friheit til å finne din eigen veg. Kunstlinja gir deg eit godt grunnlag for vidare utdanning, og vi skal hjelpe deg å bygge ein portefolio du kan vere stolt av.
Du får prøve deg på:
🎨 Teikning og måling
🖌 Akryl, akvarell og mixed media
✍️ Illustrasjon og portifolioarbeid
🧵 Tekstil, redesign og plantebasert garnfarging
🌀 Keramikk med dreiing og glasering
🔮 Glassfusing til skåler, smykker, motiv eller dekor
🌆 Gatekunst og kunst i offentlege rom
🌄 «Plein air»-måling
🖼 Utstillingstrening og visuell presentasjon
Korleis blir kvardagen din?
På Fjordane Folkehøgskule får du jobbe i eit kunstatelier med gode fasilitetar og material – og du har tilgang til studioet også på kveldstid. Her er det rom for å prøve, feile og utvikle deg i ditt eige tempo.
Du får rettleiing og støtte, men også friheit til å utforske det du er mest interessert i. Gjennom året arbeider vi med ulike tema, både individuelt og i felles prosjekt. Du blir rettleia av ein engasjert faglærar, og vi får også besøk av gjestelærarar innan andre faggreiner – som illustrasjon og scenografi.
Det beste av alt er du samtidig får oppleve livet på folkehøgskule! Du vil møte nye menneske, ha det sosialt og vere med på alt frå spelekveldar til strandrydding, kafé i peisestova og turar med resten av skulen. På Fjordane Folkehøgskule kan du skape ditt beste år og minner for livet. 💛
Bli med på studieturar i inn- og utland:
🌴 Filippinene
Gjennom skulen sitt bistandsprosjekt får du bli med på ei sterk og fin reise som vil gje deg nye perspektiv, inntrykk og inspirasjon som du kan ta med deg vidare i ditt kunstnarlege uttrykk.
🌆 Paris, Amsterdam eller København
Endeleg reisemål skal klassa i fellesskap bli einig om. Uansett skal du få oppleve pulserande storbyar som er fulle av kunst og kjekke opplevingar. Vi har eit felles program, men du skal òg få tid til å utforske byane og koselege kafear på eiga hand.
🐯Oslo
På programmet står Nasjonalmuseet, Astrup Fearnley og Munch. Her får du sjå både klassikarar og samtidskunst som provoserer, rører og kanskje får deg til å stoppe opp? Kanskje står du plutseleg framfor eit verk som treff deg rett i magen – og som du kjem til å hugse resten av livet.
🌄Perler på vestlandet
Vi reise innom ulike byar og tettstadar på vestlandet for å oppdage kunst i det offentlege rom. Frå gatekunst til skulpturparkar og kunst på sjukehus. Det å oppleve kunst der folk lever kvardagslivet gir ofte nye perspektiv.
🎨 Astrup-tunet i Jølster
I Jølster finn vi heimstaden til ein av dei største naturmålarane i norsk kunsthistorie, Nikolai Astrup. Her får du eit innblikk i korleis naturen og omgjevnadane påverka uttrykket hans.
🎭 Operahuset Nordfjord
Gjennom året samarbeider vi med Operahuset. Her får du vere med å forme visuelle uttrykk til profesjonelle framsyningar, og sjå korleis kunst blir ein del av scenografien
Bli med på eit år der du vil kjenne glede, meistring og oppleve stunder du aldri vil gløyme! Med fjord, fjell og hav rett utanfor skulen har vi mange skjulte perler som vi vil dele med deg.
Er du klar for å utforske kva kunsten kan bety for deg? Send oss gjerne ein e-post eller ring oss om du har spørsmål.
Linjelærar Saskia Burleson
Saskia har eit brennande engasjement for å formidle kunst og hjelpe andre med å utvikle sine eigne kunstnariske språk.
Med ein Bachelor of Fine Arts and Education frå Amsterdam University of the Arts og lang erfaring som kunstnar, lærar og kunstfagleg rådgivar, har ho opparbeidd seg ei brei kompetanse innan ulike kunstfelt.
Ho meiner at kvar enkelt bør finne sin eigen stil, inspirert av eigne interesser, samtidig som ho legg vekt på at ein skal få prøve seg på mange ulike teknikkar og materialar.
Ho arbeider med alt frå maling og keramikk til tre, metall, glas og gjenbruksmaterialar. Naturens teksturar, fargar og former er ei viktig inspirasjonskjelde, og ho har ein lidenskap for å eksperimentere med materialar for å skape kunst som balanserer minner og følelser.
Gjennom samarbeid med kunstnarar og kuratorar, blant anna ved Førde vidaregåande skule, har ho utvikla prosjekt som utforskar kunst i samspel med omgjevnadene. Ho brenn for å skape eit inspirerande læringsmiljø der elevane får utvikle sitt kunstnariske potensiale gjennom utforsking og skaparglede.
Redesign og sy nytt
Vi set pris på å kunne bruke gjenbruksmaterialar eller restmaterialar, eller naturmaterialar der det er mogleg. Vi ønsker å ha ein refleksjon over berekraft i det vi forbrukar og produserar. Dette prøvar vi ut i praksis når vi har redesign som tema.
Valfag
På Fjordane har du stor frihet til å skape din eigen timeplan. Du må ha minimum 2 valfag i kvart semester, men du kan velje fleire. Valfaga får du vere med på i tillegg til linje- og fellesfagtimar kvar veke.
Relevante valfag kan vere redesign tekstil, vikingliv, salmakar (lær) foto, PR, årbok eller strikking. Andre valfag kan vere aktivitetar som yoga, klatring, fjellturar, hest, sirkus, musikal eller surf.
Om du vil bli kunstnar, arbeide i kreative yrke, eller vil investere eit år i deg sjølv: Velkomen til Fjordane!
Har du spørsmål om linja? Bruk kontaktskjemaet eller ring oss på 57 88 98 80.