Allsidig hestesport
Våren 2023 - Oppstart 3. januar
Drøymer du om ein kvardag fylt med hest? Er du konkurranseryttar, turryttar eller berre har lyst il å lære mykje om hest? Velkomen til Fjordane! Du kan ta med din eigen hest, eller du får låne skulehest av oss. Gle deg til ein variert og innhaldsrik kvardag i hestebygda Nordfjordeid saman med mange andre som elskar hest!
Vi tilbyr Allsidig hestesport som halvårskurs våren 2023!
Frå hestehald til hestesport - og alt i mellom
Likar du å oppleve spenning, bli utfordra på eigne ferdigheiter og klare nye ting? Lærarane på linja er rutinerte og godt utdanna hestefagfolk og gir deg undervisning på nettopp ditt nivå i sprang, dressur og køyring. Vi har autoriserte ridelærarar og køyreinstruktørar, ein hovslagar og kusk-sensorar. Lærarane våre har brei erfaring gjennom arbeid med hest, både på og utanfor konkurransebana.
Faga
Klikk for å lese meir om eit utval av faga det blir undervist i:
Dressurriding
Dressurriding – vi underviser etter dei klassiske rideprinsippa og har mykje fokus på korleis vi som ryttarar kan virke inn på hesten på ein rettferdig og god måte. Korrekt samspel med hesten er viktig for å oppnå framgang av ekvipasjen (rytter og hest). Du vil få ein gjennomgang av alle øvelsane frå LC til og med LA. Undervisninga følger utviklinga di, slik at du heile tida får utfordringar som passar for deg. Alle får tilpassa undervisning etter det nivået dei er på.
Sprangriding
Sprangriding - jobbar vi mykje med å få ein riktig sits både over og mellom hinder. Dette er viktig for å kunne påverke hesten til å hoppe på ønska hinderhøgde. Gjennom gymnastikkhopping og forskjellege sprangøvingar slik som å trene på å finne riktig avsprangspunkt, utviklar vi samspelet mellom hest og rytter. Banehopping kjem som ein naturlig del av undervisninga etter kvart som rytter og hest utviklar seg. Om du har hoppa mykje eller lite frå før, eller har ein urutinert hest tilpassar vi undervisninga etter det. Kvar vår har vi feltrittstrening og gjennomfører Fjordane Cup som er ein sammenlagtkonkurranse i dressur, sprang og feltritt.
Køyring
Køyring - får du ein gjennomgang av utstyret ein treng, og korleis du bruker utstyret. Du lærer korleis du tømmekøyrer hesten din, og kan trene hesten frå bakken. Du får ei grundig innføring i dressurkøyring, presisjonskøyring og maratonkøyring. Vi bruker skulehestane i køyretimane, og køyrer både på utebana og inne i ridehallen på 20mx60m bane. Ønsker du å bruke din eige hest kan du det etter avtale med læraren. Førebuing og deltaking i køyrekonkurransar står også på timeplanen.
Beslag
Beslag - her får du teoretisk innføring i hovens anatomi og funksjon før vi går i gang med praktiske øvingar. Du lærer å ta av sko, beskjære og slå på sko. Alle som har det daglege ansvaret for ein hest bør kunne å ta av ein sko når det er nødvendig. Her lærer du gjennom å øve på skoing av våre snille skulehestar. Dette er god øving og praksis dersom du vurderer å bli hovslagar. Nina som gjekk i lære hos våre hovslagarar under 2. året på Fjordane Folkehøgskule, og no jobbar som hovslagar kan du lese meir om på hennar facebookside.
Veterinærfag
Veterinærfag - er eit fag som gjev deg som ryttar, kusk og hesteeigar grunnleggande kunnskap om vaksiner, ormbehandling, sår- og sjukdomsbehandling, anatomi og mykje meir. Dette er eit fag du ikkje vil gå glipp av.
Ride- og køyreteori
Du får lære all den viktige basisen du treng i ride- og køyreteori. I dette faget går vi gjennom øvingane vi rir/køyrer på timane. Vi prøvar å kombinere teorien samtidig med det som blir undervist i praksis, slik at du får størst mogleg forståing for det vi jobbar med. Du lærer mellom anna om kva som er ein god spranghest, korleis ein bygger sprangbane, alt om hindertypar og anridning, i tillegg til sprangreglement og forskjellege bedømmingar i sprangriding og konkurransar. I dressurdelen har vi ein grundig gjennomgang av sits og hjelparar, kva er riktig form på hesten, og alle øvelsane til og med LA, i tillegg til nokre øvelsar i MB slik som versade og travèr. Dressurreglement og dressurprogram er også noko vi jobbar med i desse timane.
Salmakar
Salmakar – i byrjinga av skuleåret har vi faget salmakar, du lærer å reparere og sy i lær. Alle lager sitt eige leietau i lær med kjetting. Etter innføringa startar salmakar valfag der du kan for eksempel lage din eigen handsydde lærgrime, hundeutstyr eller reparere dine eigne ting. Det kan vere kjekt å prøve på om du funderer på ein god gammal karriere som salmakar sjølv. Det er fleire elevar som etter å ha gått her, jobbar vidare som salmakar på heiltid, deltid eller hobbybasis.
Hestekunnskap
Hestekunnskap - lærer du om kva det inneber å ha hest i forhold til forskrifter, kva som kan vere viktig å tenke på om du kjøper eller sel hest, har hest på fôr eller leiger/låner, om kontrakt, forsikring og kven som har ansvar dersom det skjer noko.
Hestehald/hestehandtering
I desse faga er vi innom mange ulike emner som vil gjere deg meir komplett og kompetent som hesteperson. Leietrening, hingstehandtering, mønstring, longering, tømmelongering, lasting og transport av hest, tannsjekk, helsesjekk, pulstrening, sjukdomar, stell, hesten sine fysiologiske behov, avl, fôring, unghesthandtering og mykje meir.
Utvikling - glede - vennskap
Vi legg opp til kjekke opplevingar i lag med hesten i eit sosialt fellesskap. I løpet av året planlegg vi mellom anna overnattingstur med hest. Dette er ei unik oppleving, der vi knyter enno sterkare band, både til medelevane våre og til hestane. Det er ein perfekt kombinasjon å få oppleve vakker vestlandsnatur samtidig som vi sit på hesteryggen!
Linjeturar
Vi har to ulike inspirasjonsturar til utlandet, der hest sjølvsagt er hovudingrediensen!
Linjetur: Danmark
Gle deg til hingstekåringa for Dansk Varmblod i Herning! Dette er ein fem-dagars tur til Danmark, med hest frå morgon til kveld. Under sjølve kåringa får vi sjå hingstar som stiller til kåring, i tillegg til dressur- og sprangklasser på elitenivå. Vi får også vere publikum på eit spektakulært gallashow. I tillegg kan vi besøke “Hest & Rytter”, Nord-Europas største messe med utstyr til hest og ryttar. Messesenteret er knytt til hingstekåringa, og har meir enn 250 utstillarar.
Vi legg også inn eit besøk hos toppryttar Andreas Helgstrand for ei omvising på anlegget Helgstrand Dressage og Helgstrand Academy.
Under opphaldet bur vi på ein koseleg vandreheim i Silkeborg, der vi har hyggelege kveldar med sosiale aktivitetar, leik og moro. På vegen heim tek vi turen innom Norsk Hestesenter Starum. Her får vi omvising på området der den norske ridelærar- og travtrenarutdanninga held til.
Linjetur: Portugal
I Portugal har hesten hatt ei viktig rolle i landet si historie i mange år. Lusitanoen, som dei brukar til riding og avl, blir sett på som ein nasjonalskatt. Vi bur på eit hestesenter utanfor Lisboa, og du får moglegheit til å ri dressur på velutdanna lusitanohestar under rettleiing av dyktige instruktørar. Du får også prøve deg på dressurøvingar på høgt nivå, som passage og piaff. Du kan sjå fram til å få eit innblikk i levemåten og kulturen i Portugal, og å få smake på heimelaga portugisisk mat. Vi skal også oppleve vakre Lisboa, hovudstaden og den største byen i Portugal. Vi bur på den gamle sveitsiske ambassaden som er gjort om til eit fantastisk hostel. Vi skal også ein dagstur til Sintra, ein heilt unik by utanfor Lisboa. Turen er valfri.
Fellesturar for heile skulen
Fellesturane er ein viktig del av Fellesfaga på skulen, og er ein viktig arena for å møtast på tvers av linjene. På desse turane dreg alle elevane saman til reisemål i regionen vår:
Spørsmål om Allsidig hestesport?
Bruk kontaktskjemaet eller ring oss på 57 88 98 80.