Ride- og køyresport
Drøymer du om ein kvardag fylt med hest? Er du konkurranseryttar, turryttar eller berre har lyst til å lære mykje om hest? Velkomen til Fjordane! Du kan ta med din eigen hest, eller du får låne skulehest av oss. Gle deg til ein variert og innhaldsrik kvardag i hestebygda Nordfjordeid saman med mange andre som elskar hest!
Har du ambisjonar om å satse på hest og konkurrere i sprang, dressur, køyring eller feltritt? Ønskjer du å ta ei utdanning innanfor hest?
Då er dette linja for deg! Her kan du satse på hesten din og utvikle deg vidare som ryttar eller kusk. Samspelet mellom deg og hesten står i fokus, slik at du kan forstå din påverknad og tolke signala den gir.
Vi tilbyr eit trygt og støttande læringsmiljø der du kan utfordre deg sjølv og vekse.
Undervisning og fagleg utbytte
Undervisninga blir tilpassa ditt nivå og ambisjonar, med mål om å utvikle deg og hesten saman som ekvipasje. Uansett om du allereie har erfaring frå konkurransebana, eller ikkje har delteke på stemne før, er vårt fokus å hjelpe deg å nå dei måla du har sett deg.
Vi har fagleg sterke lærarar med lang erfaring innan dei ulike greinane, og som underviser opp til MA dressur, LB sprang (110 cm) og vanskeleg køyring. I snitt har du 18 timar linjefag i veka, med rideøkter for instruktør, ryttartrening, køyring, hestehandtering, stallarbeid og teori.
Du vil få moglegheit til å delta på stemner i nærområdet, og skulen arrangerer stemnetreningsdagar så lik eit stemne som mogleg, for å gi deg og hesten din meir stemneerfaring. Mental trening for ryttaren er ein del av undervisninga, slik at hovudet og kroppen heng saman i ulike settingar
Gjennom året vil du lære:
Dressur og sprangøvingar
Programridning i dressur
Baneriding i sprang
Feltritt
Dressur, maraton og presisjonskøyring
Ride- og køyrelære
Treningslære
Planlegging, gjennomføring og evaluering av eigen rideøkt
Beslagslære
Salmaking – sy ditt eige leietau
Fasilitetar
All praktisk linjeundervisning føregår på eit stort hestesportanlegg i nærleiken, der du har alt du treng for å trene og ha det kjekt med hesten din:
Oppstallingsplass til 44 hestar
2 ridehallar
Stor køyre/sprangbane ute
Terrenghinder for feltritt og maraton
Gode moglegheiter for å ri tur på fritida
Samspelet mellom deg og hesten
Samspelet mellom deg og hesten er det viktigaste. Det handlar ikkje om hesterasen, men om deg og hesten din. Lærarane våre er fagleg sterke og vil gi deg tett oppfølging, uansett kva slags hest du har med deg. Dei har brei erfaring gjennom arbeid med hest, både på og utanfor konkurransebana. Lærarteamet består av autoriserte ridelærarar og køyreinstruktørar, kuskesensorar, hovslagarar, ryttarar og kuskar. Vi har tilgang til spesialist innan tannhelse og kiropratikk, og kvart år får vi besøk av ein saltilpassar.
Har du ikkje eigen hest?
Om du kjenner at dette er linja for deg, men ikkje har eigen hest, kan du låne ein av skulehestane våre. Skulehestane er fjordingar – gode læremeistrar som kan både sprang, dressur og køyring. Du får ansvar for hesten som om den var din eigen, og kan bruke den på stemne og treningar.
Fellesskap og hestemiljø
Vi samarbeider tett med dei andre hestelinjene på skulen, og har fleire felles undervisningsøkter og aktivitetar. Undervisninga inneheld både praktiske og teoretiske fag, der vi fokuserer på hestehandtering og hestekunnskap.
Nordfjordeid har eit engasjert hestemiljø, som gir moglegheiter til å delta på kurs og helgeaktivitetar utanom skuletida. Vi legg stor vekt på at elevane skal få vere med å forme skulekvardagen sin, så innhaldet på linja kan variere noko frå år til år.
Er du klar for eit utviklande, kjekt og lærerikt år med hest? Bli med oss!
Elevhistorier
Les meir om kva tidlegare elevar seier om det å vere elev ved hestelinjene på Fjordane folkehøgskule:
Faga
Klikk for å lese meir om eit utval av faga det blir undervist i:
Dressurriding
Dressurriding – vi underviser etter dei klassiske rideprinsippa og har mykje fokus på korleis vi som ryttarar kan virke inn på hesten på ein rettferdig og god måte. Korrekt samspel med hesten er viktig for å oppnå framgang av ekvipasjen (rytter og hest). Du vil få ein gjennomgang av alle øvelsane frå LC til og med LA. Undervisninga følger utviklinga di, slik at du heile tida får utfordringar som passar for deg. Alle får tilpassa undervisning etter det nivået dei er på.
Sprangriding
Sprangriding - jobbar vi mykje med å få ein riktig sits både over og mellom hinder. Dette er viktig for å kunne påverke hesten til å hoppe på ønska hinderhøgde. Gjennom gymnastikkhopping og forskjellege sprangøvingar slik som å trene på å finne riktig avsprangspunkt, utviklar vi samspelet mellom hest og rytter. Banehopping kjem som ein naturlig del av undervisninga etter kvart som rytter og hest utviklar seg. Om du har hoppa mykje eller lite frå før, eller har ein urutinert hest tilpassar vi undervisninga etter det. Kvar vår har vi feltrittstrening og gjennomfører Fjordane Cup som er ein sammenlagtkonkurranse i dressur, sprang og feltritt.
Køyring
Køyring - Du får ein gjennomgang av utstyret ein treng, og korleis du bruker utstyret. Du lærer korleis du tømmekøyrer hesten din, og kan trene hesten frå bakken. Du får ei grundig innføring i dressurkøyring, presisjonskøyring og maratonkøyring. Vi bruker skulehestane i køyretimane, og køyrer både på utebana og inne i ridehallen på 20mx60m bane. Ønsker du å bruke din eigen hest kan du det, etter avtale med læraren. Førebuing og deltaking i køyrekonkurransar står også på timeplanen.
Beslag
Beslag - her får du teoretisk innføring i hovens anatomi og funksjon før vi går i gang med praktiske øvingar. Du lærer å ta av sko, beskjære og slå på sko. Alle som har det daglege ansvaret for ein hest bør kunne å ta av ein sko når det er nødvendig. Her lærer du gjennom å øve på skoing av våre snille skulehestar. Dette er god øving og praksis dersom du vurderer å bli hovslagar. Nina som gjekk i lære hos våre hovslagarar under 2. året på Fjordane Folkehøgskule, og no jobbar som hovslagar kan du lese meir om på hennar facebookside.
Veterinærfag
Veterinærfag - er eit fag som gjev deg som ryttar, kusk og hesteeigar grunnleggande kunnskap om vaksiner, ormbehandling, sår- og sjukdomsbehandling, anatomi og mykje meir. Dette er eit fag du ikkje vil gå glipp av.
Ride- og køyreteori
Du får lære all den viktige basisen du treng i ride- og køyreteori. I dette faget går vi gjennom øvingane vi rir/køyrer på timane. Vi prøvar å kombinere teorien samtidig med det som blir undervist i praksis, slik at du får størst mogleg forståing for det vi jobbar med. Du lærer mellom anna om kva som er ein god spranghest, korleis ein bygger sprangbane, alt om hindertypar og anridning, i tillegg til sprangreglement og forskjellege bedømmingar i sprangriding og konkurransar. I dressurdelen har vi ein grundig gjennomgang av sits og hjelparar, kva er riktig form på hesten, og alle øvelsane til og med LA, i tillegg til nokre øvelsar i MB slik som versade og travèr. Dressurreglement og dressurprogram er også noko vi jobbar med i desse timane.
Salmakar
Salmakar – i byrjinga av skuleåret har vi faget salmakar, du lærer å reparere og sy i lær. Alle lager sitt eige leietau i lær med kjetting. Etter innføringa startar salmakar valfag der du kan for eksempel lage din eigen handsydde lærgrime, hundeutstyr eller reparere dine eigne ting. Det kan vere kjekt å prøve på om du funderer på ein god gammal karriere som salmakar sjølv. Det er fleire elevar som etter å ha gått her, jobbar vidare som salmakar på heiltid, deltid eller hobbybasis.
Hestekunnskap
Hestekunnskap - lærer du om kva det inneber å ha hest i forhold til forskrifter, kva som kan vere viktig å tenke på om du kjøper eller sel hest, har hest på fôr eller leiger/låner, om kontrakt, forsikring og kven som har ansvar dersom det skjer noko.
Hestehald/hestehandtering
I desse faga er vi innom mange ulike emner som vil gjere deg meir komplett og kompetent som hesteperson. Leietrening, hingstehandtering, mønstring, longering, tømmelongering, lasting og transport av hest, tannsjekk, helsesjekk, pulstrening, sjukdomar, stell, hesten sine fysiologiske behov, avl, fôring, unghesthandtering og mykje meir.
Valfag og fellesfag
Kunne du tenke deg å lære litt meir om vikingliv, eller du har lyst å lære deg sirkuskunstar? Kanskje du likar fjellturar eller klatring, eller kanskje du helst vil ha ei roleg stund med yoga eller strikking? På Fjordane kan alle linjefaga også veljast som valfag! I tillegg har vi eit stort utval av andre valfag. Valfaga dine veljer du når skulen har starta om hausten, og kva fag skulen tilbyr kvart år, kjem an på interessa til elevane og samansetninga av lærarar. Du kan velje frå to til så mange valfag du vil i løpet av eit semester.
Les meir om valfaga på Fjordane.
Valfaga får du vere med på i tillegg til linje- og fellesfagtimar kvar veke.
Fellesfag er fag alle elevane har saman, og som både utfordrar og engasjerer. I løpet av skuleåret dreg vi på ulike turar, og vi har for eksempel elev-/temakveldar som Halloween og Kokkekamp.
Les meir om fellesfaga på Fjordane.
Spørsmål om Allsidig hestesport?
Bruk kontaktskjema eller ring oss på 57889880.