Kreativ saum og strikk

 
 

Kreativ saum og strikk

Skap din eigen stil med kreativ saum og strikk
Drøymer du om å sy og strikke dine eigne kle, utvikle ein berekraftig garderobe og finne din eigen stil? På denne linja får du fridom til å utforske kreativitet gjennom saum, strikk, redesign og gjenbruk. Du lærer ulike teknikkar, konstruerer eigne mønster og byggjer opp ei garderobe som passar perfekt til din kropp og stil.

Venninner i heimelaga kle og flott natur! Sjølvsydd festdrakt og sjølvstrikka jakke. Lær å lag dine eigne kle hos oss! Vi har fokus på bærekraft, gjenbruk, redesign og slow fashion.

Eit inspirerande og kreativt miljø

Linja har eige syrom som er ope dag og kveld, slik at du kan jobbe vidare med prosjekta dine når det passar deg. Kvar elev har si eiga symaskin, som raskt blir din bestevenn. Vi avsluttar året med eit moteshow der du får vise fram dine eigne design!

Her får du moglegheit til å:

  • Konstruere mønster tilpassa din eigen kropp

  • Sy av metervare etter ferdige mønster

  • Lære ulike sy-teknikkar og modellering

  • Sy di eiga festdrakt

  • Redesign og oppsirkulere brukte klesplagg

  • Fotografere eigne plagg og utvikle visuell presentasjon

 

Fagleg utbytte   

Strikk og tekstilkunst

Strikking er ein naturleg del av å lage sin eigen garderobe. Du får jobbe med ulike fargekombinasjonar, garnkvalitetar og teknikkar.

  • Utforske eigne mønster

  • Strikke etter oppskrifter med alternativt garn

  • Handfarge garn

  • Reparere og redesigne strikkaplagg

  • Innføring i nålebinding, brodering, toving og brikkebandsveving

Du treng ingen forkunnskapar for å byrje på kreativ saum og strikk. Vi startar med prosjekt som gjer deg trygg på symaskina, og gjennom året vil du opparbeide deg verdifulle ferdigheiter som du kan bruke vidare i livet. Vi fokuserer på slow fashion, berekraft og kreative løysingar for framtida.

 

  

Samarbeid med andre linje

Gjennom året samarbeider vi med ulike linjer. Der får vi prøve oss på litt andre teknikkar og vere ilag med dei andre linjene.

  • Kunst: Keramikk

  • Vikingliv: Handsaum av historiske drakter, brikkeband og toving

Linjeturar

Gjennom året reiser vi på fleire inspirerande turar for å hente inspirasjon, jakte på bruktfunn og utforske tekstilverda.

  • FÆBRIKSTAD – inspirasjon og workshops

  • Bergen – bruktbutikkar og skattejakt

  • Hoddevika, Krokpollen, Stigedalen – fellesturar med skulen

  • Seilas ved kysten – fellestur med fokus på natur og tradisjonar

  • Europareise – København, Bremen, Amsterdam

Alle turar er inkluderte i linjeprisen.

 
Her ser du våre kjekke, flinke og kreative lærarar på kreativ saum og strikk. Lær å lag dine eigne kle hos oss! Vi har fokus på bærekraft, gjenbruk, redesign og slow fashion.

Lærarane våre

Ingeborg

Ingeborg er lidenskapeleg glad i strikk, garn, mønster og oppskrifter.  Ho er oppteken av passform og likar seg best i ull, både vinter og sommar.  Dei seinare åra har plantefarging av garn gått i haudet på ho.  Når dei kjemiske prosessane funkar, vil du oppleve Ingeborg som euforisk. er det kjekt å vere rundt henne. Ingeborg er tydeleg, rettferdig og omsorgsfull. Ho har god humor og ler best av sine eigne vitsar. 

Heidi

Heidi er kreativ og elskar å sy. Ho er oppteken av at plagga skal sitte riktig på akkurat din kropp og at finishen er god. Er veldig glad i gode bruktfunn og spennande materiale. Utdanninga innan saum tok ho på Raulandakademiet. Heidi har eit farleg konkurranseinstinkt når det kjem til det meste, er sprudlande og får folk lett i godt humør. Ho er ein god samtalepartnar, som gir gode råd både på lyse og mørke dagar. 



Spørsmål om linja Kreativ saum og strikk?

Eller kanskje du lurer på noko anna om Fjordane folkehøgskule eller Nordfjordeid? Ta gjerne kontakt via kontaktskjemaet vårt, eller ring oss på telefon: 57 88 98 80.

Forrige
Forrige

Ride- og køyresport

Neste
Neste

Friluftsliv i samarbeid med Røde Kors