Friluftsliv i samarbeid med Røde Kors

 

Opplev Vestlandet og Alpane! Surfeparadiset Hoddevika, klatring i Sunnmørsalpane og ski på Jostedalsbreen! Dette, samt ein fantastisk linjetur, får du her! Og du kan kvalifisere deg til hjelpekorpset!

 
 

Friluftsliv i samarbeid med Røde Kors gir deg eit variert og spanande friluftslivsår. Vi skal køyre puddersnø på ski, overnatte i snøhole og under stjernehimmelen, krysse Jostedalsbreen og dei Østerrikske Alpane, filosofere rundt bålet og surfe i Hoddevika. Samtidig har vi fokus på tryggleik, førstehjelp og trening på søk og redning i naturen.

 

Gjennom samarbeid med Røde Kors hjelpekorps får du 36-timars kvalifisert førstehjelpskurs og innføring i samband og søk- og redningsteknikkar. Du vil bli ein trygg og kompetent førstehjelpar i naturen

 

Dette får du oppleve:

  • Surfing: Bølgesurfing i Hoddevik og Ervik - heile året!

  • Topptur: Tinderangling, traverser med fjordutsikt og overnatting under ope himmel.

  • Klatring: Både innandørs i toppmoderne tau- og buldrevegg og utandørs på naturstein.

  • Via Ferrata: Luftige ruter med fantastisk utsikt.

  • Bre: 3-dagars tur til Supphellebreen, med taulag og klatring på isformasjonar.

  • Ski: Både fjellski og rando, inkludert innføring i skredkunnskap.

  • Telemark-kurs.

  • Snøhule: Overnatting i Finsesatelitt.

  • Is-veke: Isbading, skøyting og hockey.

  • På villspor: Navigasjonstur med kart og kompass.

  • Åleinetur: Ei utfordrande oppleving i naturen.

  • Storm ved Stadt: Overnatting i eit fyrtårn under hauststormane!

  • Elv: Padling eller flyting i vakre Eidselva.

  • Fridykking: Opplev verda under vatn!

  • Kystkultur: Sanking, fiske og segling saman med Vikingliv og Friluftsliv All-inclusive.

  • Sanking: Lær å bruke naturen sitt matfat og dyrk dine eigne grønsaker.

 

Linjetur: Frå Fjordane til Alpane

Klatring, rafting, stisykling, togtur gjennom Europa, vandring i Tyrol og besøk i Innsbruck. Bli med på linjeturen du aldri kjem til å gløyme! Fjordane - Østerrike - Fjordane på 14 dagar!

Saman med Friluftsliv All-inclusive reiser vi langsamt og miljøvennleg med tog nedover i Europa. Vandreruta gjennom Europas største fjellmassiv er ein 5-6 dagars “high altitude trail” i Tyrol – i hjartet av Alpane. Kvar kveld søv vi på fjellhytter, “Almar”, der vi får servert mat og ei seng å sove i.

Etter dager med vandring på over 2000 meter høgde, utforskar vi den alpine byen Innsbruck, og vidare Oetztal. Der blir basecamp medan vi klatrar, raftar og sti-syklar. Etter to veker med unike natur- og kulturoppleingar i bagasjen, flyr vi heim til Noreg.

Saman skal vi skape minner for livet!

 

Bli ein førstehjelpar!

Førstehjelp

Vi startar året med å gjennomføre eit 36 timar langt førstehjelpskurs, og har moglegheit til vidare opplæring i løpet av året.

I friluftslivet kjem vi til å ha eit gjennomgåande fokus på førstehjelp, og vi vil bli dyktige førstehjelparar.

Innføring i samband og søk- og redningsteknikker

Iløpet av året får vi ei innføring i samband og søk- og redningsteknikkar og vil øve på dette i friluftslivet.

Kart og kompass

Å kunne orientere seg i terrenget er avgjerande for å ferdast trygt i naturen. I løpet av hausten får de, saman med Friluftsliv All-inclusive, utfordra dykk sjølve på overnattingsturen “På villspor”. På denne turen skal vi finne tilbake til skulen fra ein ukjend stad i fjellet!

 

Nærturar

Overnatting i “Finsesatelitt”
Vinterfjellet kan vere både vakkert og brutalt. Tryggleik og skredlære er sentralt i undervisninga. Vi drar på ein tre-dagars tur, der vi lagar vår eigen Finsesatelitt - eit undersnøisk hotell med intrikate gangar mellom romma.

Overnatting på fjelltopp
Har du lyst til å sovne til solnedgangen, vakne opp til soloppgangen; med stjernehimmelen midt i mellom?

Telemark
Vi skal lære den edle og tradisjonsrike kunsten å køyre med laus hæl, og kjenne på røyrslefridomen nedover den mjuke laussnøen og preppa løyper med fjellski.

Måneskinnstur
Når månelyset skin med sitt dempa og sarte lys, og kastar skuggar på eit kvitt snødekke, skal vi liste oss ut under ein fullmåne og bli kjend med natta sin skjulte dynamikk.  

Kråkenes fyr
Du har kanskje høyrt uttrykket “Storm ved Stad”, men har du opplevd det? Når det bles opp til skikkelig ruskevêr, snik vi oss til ei natt ved Kråkenes fyr, heiltut mot havet. Her skal vi kjenne på dei store naturkreftene, og la havet og vinden ta pusten frå oss.

 

Linjetur: Josten på langs

Sjølvaste klassikaren blant vår-skiturar! Dette er skitur, topptur, bretur, telttur og langtur i eitt. Turen startar innerst i Jostedalen, og går over heile Jostedalsbreen, Europas største isbre.

Gjennom året skal vi saman lære oss korleis vi blir i stand til å vere ute over lengre periodar, trekke pulk, bli stødige på ski og bu tett saman i telt på vinteren. Gle deg til 5 dagar i eventyrlege Jotunheimen med ski og pulk! Du får oppleve storslått natur og testa grensene dine i trygge rammer saman med læraren din og medelevane dine.

Den ultimate turen for å avslutte ditt beste år..!


Fellesturar for heile skulen

Fellesturane er ein viktig del av Fellesfaga på skulen, og er ein viktig arena for å møtast på tvers av linjene. På desse turane dreg alle elevane saman til reisemål i regionen vår:

Samspel med dei andre linjene

For at året på Fjordane skal bli så meinngsfullt og lærerikt som mogleg, er vi mykje saman på tvers av linjene. Saman med linja Friluftsliv All-inclusive skal vi utforske den varierte og utrulege naturen på Nordvestlandet. Fjord, fjell og hav blir naturlege kulissar – og markørar kan dukke opp når du minst anar det!

Å kunne samarbeide med og respektere kvarandre er viktig på Fjordane - tenk kva vi kan lære av kvarandre! Skulen har åtte svært varierte linjer, og vi brukar mykje tid saman i løpet av skuledagen. Vi har fleire fellesprosjekt og fellesturar, i tillegg til at vi et alle måltid saman, er saman på kveldstid og bur saman i paviljongane.

 

Frå bølgesurfing ytterst ute i havgapet til brevandring innerst i fjorden - og alt i mellom. Fjordane folkehøgskule ligg midt i regionen Nordfjord som er kjend for nokre av dei vakraste strendene, dei flottaste bølgene og dei kjekkaste fjelltoppane i landet. Den varierte naturen og tydelege årstidene gir oss uante moglegheiter til å utforske elementa og oss sjølve i samspel med naturen.

Forrige
Forrige

Kreativ saum og strikk

Neste
Neste

Friluftsliv All-inclusive!