Friluftsliv All-inclusive!

 
 

Frå bølgesurfing i Hoddevik til toppturar i Sunnmørsalpane, frå brevandring på Jostedalsbreen til segling langs kysten—her får du oppleve friluftsliv i si mest varierte form. Vi utnyttar det beste Vestlandet har å by på, i takt med årstidene. Vi tek også ein togtur gjennom dei Østerrikske Alpane.
Rå natur, spenning, meistring og samhald - All inclusive!

Linja passar for deg som er glad i å vere ute i naturen heile året. Du likar å vere i bevegelse og tar gjerne ei utfordring.

 

Natur, meistring og samhald – All Inclusive!

Linja passar for deg som elskar å vere ute, likar å utfordre deg sjølv og har lyst til å lære nye ferdigheiter. Gjennom året får du prøve deg på alt frå surfing og klatring til skikøyring, segling og sanking av eigen mat. Vi kombinerer spenning med refleksjon og meistring, i eit trygt og inkluderande miljø.

 

Dette vil du lære

Friluftsliv heile året: Bål, proviantering, komfort i naturen, kart og kompass, trygg ferdsel i fjell og på bre

Surfing: Bølgjesurfing i Hoddevik og Ervik

Klatring: Utandørs buldring og tauklatring, innandørs klatring vinterstid

Kajakk og padling: På Nord-Europas djupaste innsjø, i fjordane og på elv

Topptur og vinterfriluftsliv: På ski, truger og snowboard

Bre: Tre dagar på Supphellebreen, taulag og isklatring

Segling og kystkultur: Fridykking, fiske, sanking og tilbereding av sjømat

Sanking og matlaging: Bær, sopp, ville vekstar og sjølvdyrka grønsaker

Førstehjelp og redning: Søk og redning i samarbeid med Røde Kors

Miljø og berekraft: Strandrydding, naturforvaltning og små miljøavtrykk

Kurs og sertifikat

  • Brattkort (klatring)

  • Våttkort (kajakk)

  • Skredkurs

  • Grunnkurs i brevandring og kameratredning

 

Store opplevingar – frå Vestlandet til Alpane

Vi legg ut på minneverdige turar, både lokalt og internasjonalt:

Fjordane til Alpane (14 dagar)

Ei unik reise frå Vestlandet til dei majestetiske Alpane. Vi reiser miljøvennleg med tog gjennom Europa og går ein spektakulær "high altitude trail" i Tyrol. Undervegs klatrar, raftar og stisyklar vi i Oetztal, før vi avsluttar med eit besøk i Innsbruck.

Josten på langs (5 dagar)

Den ultimate vårskituren over Jostedalsbreen. Dette er ei ekspedisjonsprega oppleving med ski, pulk og telt i ein av dei vakraste landskapa Noreg har å by på.

Andre turar

  • "På villspor": Orienteringstur med kart og kompass

  • Vintereventyr: Overnatting i snøhole og trugevandring

  • Telemark: Lær kunsten å køyre med laus hæl

  • Måneskinnstur: Opplev fjellet i magisk nattelys

  • Kråkenes fyr: Overnatting ytterst mot havet, midt i stormen

 

Kart og kompass

Å kunne orientere seg i terrenget er avgjerande for å ferdast trygt i skogen og på fjellet. Kart og kompass kjem vi difor til å bruke aktivt når vi er på tur. I løpet av hausten får de, saman med Friluftsliv i samarbeid med Røde Kors, utfordra dykk sjølve på overnattingsturen “På villspor”. På denne turen skal vi finne tilbake til skulen fra ein ukjend stad i fjellet!

Førstehjelp

Saman med Friluftsliv i samarbeid med Røde Kors skal vi lære førstehjelpsteori og trene på søk og redning i naturen.

Ski og brett på Harpefossen

Harpefossen er vårt lokale skisenter, med mange preparerte løyper og utruleg flott frikjøyring i bjørkeskog. Like ved skianlegget har vi moglegheit til å låne ei hytte.

 

Linjelærar Kjartan Haaland

Kjartan er utdanna friluftslivlærar frå Universitetet i Sørøst-Norge. Han flytta til Nordfjordeid enkelt og greit på grunn av dei uendelege moglegheitene for friluftsliv. Her kan han klatre, surfe, segle, padle, gå på topptur, stå på ski og truger, sykle i fjellet, fiske, bade, og generelt berre nyte livet. Sjølv om klatring og ski i fjellet er det han dyrkar aller mest, har han ei svært allsidig friluftslivkompetanse og -interesse.

I løpet av skuleåret skal vi utforske, og gjerne utfordre oss litt, i ei rekke av elementa eg trivst aller best!

Etter eit år på "Friluftsliv All-inclusive" vil de kunne dra ut i naturen heilt på eiga hand og bruke den for det den er verd. De vil mellom anna få grunnkurs i kajakk, slik at de kan leige kajakkar i heile Norge. Brattkort i klatring gir dykk tilgang til alle klatresenter, samt kunnskap til å klatre i utandørs klatrefelt der de måtte ønske. De får også førstehjelpskurs, og øving på dette i praksis. I tillegg får de prøve ei rekke aktivitetar ute i naturen gjennom sesongene.

Det viktigaste for meg som lærar er at vi er samla som ei gruppe, at utfordringane og læringa skjer i trygge rammer, og ikkje minst at vi har det gøy i lag!

 
 

Fellesturar på skulen

Fellesturane er ein viktig del av Fellesfaga på skulen, og er ein viktig arena for å møtast på tvers av linjene. På desse turane dreg alle elevane saman til reisemål i regionen vår:

Samspel med dei andre linjene

For at året på Fjordane skal bli så meinngsfullt og lærerikt som mogleg, er vi mykje saman på tvers av linjene. Friluftsliv All-inclusive vil særleg bruke tida si saman med elevar og lærarar på Friluftsliv i samarbeid med Røde Kors. Dei to friluftslivlinjene skal mellom anna dra saman på linjetur til Alpane!

Å kunne samarbeide med alle er viktig på Fjordane - tenk kva vi kan lære av kvarandre! Hesten er ein fantastisk ven å ha med på tur, og han har vore brukt i arbeid og rekreasjon i hundrevis av år. Vikingane er ekspertar på å nytte naturen til å lage ulike reiskapar, og kan vise oss korleis vi tovar ull eller lagar vår eigen kniv. Styrke og smidighet er også nødvendig når ein skal være aktive ute, og kven passar vel ikkje betre å leike med enn elevane på nysirkuslinja vår?


 
Forrige
Forrige

Friluftsliv i samarbeid med Røde Kors

Neste
Neste

Musikal West End