Pakkeliste for alle linjene
Å bu heimanfrå eit heilt skuleår betyr at det er ein del ting du bør ha med deg til skulestart. Nokre ting må du ha med, andre ting kan du få bruk for.
Før du går ut og handlar mykje nytt utstyr kan det vere lurt å undersøke om du kan få tak i brukt utstyr, eller kanskje handle på salg? Ein del kan du også kjøpe når du kjem til Nordfjordeid, som for eksempel vaskemiddel, toalettsaker osv.
Dette MÅ du ha med
Til rommet og paviljongen
- Innesko/tøflar
- Dyne og dynetrekk
- Pute og putetrekk
- Laken
- Madrassbeskyttarar/”tisselaken” (75 x 200 cm)
- Kleskorg
Til uteaktivitetar
(NB! Friluftsliv-linja har eiga pakkeliste)
- Ullundertøy (stilongs, trøye, sokkar)
- Tursekk til å ha med på overnatting
- Dagstursekk
- Sovepose. Helst med temperaturgrense på ca -5°C.
- Liggeunderlag. Tjukt nok og isolerande nok til å sove godt ute.
- Regnbukse og regnjakke
- Vinterbukse og vinterjakke
- Lue og vottar
- Varme og vanntette sko
- Matboks, drikkeflaske og turkopp
Til fritid
- Mobil/nettbrett/pc - hugs ladar
- Brikke til nettbank/mobilbank
Personleg hygiene
- Reseptar og medisinar til personleg bruk
- Toalettmappe med tannbørste, deodorant, etc.
- Lite handkle
- Badehandkle
Klede du har bruk for
- Klede til kvardagen (bukser, genserar, t-skjorter, undertøy, sokkar, raggsokkar, etc.)
- Refleksvest
- Hals/buff
- Treningsklede (fleire skift)
- Fleece-/ull-/tjukk-genser
- Pysjamas
- Badetøy
- Joggesko, vintersko, fjellsko
- Fintøy og -sko
Kjekt å ha med…
- Sykkel
- Bag
- Sitteunderlag
- Oppbevaringsboksar
- Teppe
- Tørkestativ
…om du vil bruke ditt eige
- Instrument
- Fotoutstyr
- Telt
- Hengekøye
…om du likar å lage mat
Kjøkkenutstyr er ikkje naudsyndt, men men kan vere fint å ha om du ønsker å lage mat på paviljongen. Der er det eit lite kjøkken, men du må ta med utstyr sjølv:
- Kasserolle/steikepanne (induksjon)
- Steikespade, ause, visp, etc.
- Tallerken, skål, kopp, glass, bestikk
- Bolle/skål
- Skjerefjøl
Du kan laste ned pakkelista som pdf, dersom du ønsker å skrive den ut.