Pakkeliste for Friluftsliv
For å få det beste ut av skuleåret er det viktig med godt utstyr. Det betyr ikkje at alt må vere nytt! Det fins mykje brukt utstyr på mellom anna finn.no og på bruktsider på Facebook. Kanskje er du så heldig at du får låne utstyr av familie og vener?
Vi har avtalar med lokale sportsbutikkar, og kan hjelpe med bestilling av riktig utstyr.