Gode grunnar til å velje Fjordane

Det finst uendeleg mange grunnar til å velje Fjordane folkehøgskule til hausten! Under kan du sjå nokre av dei viktigaste. Gå gjerne inn på Instagram også! Der får du eit innblikk i livet på Fjordane frå dag til dag.

Fjordane folkehøgskule Fjordane folkehøgskule

Klimamotivert skule!

På Fjordane folkehøgskule bryr vi oss om kvarandre, miljøet og samfunnet vi lever i! Kvar dag prøvar vi å ta berekraftige val slik at vi kan bidra til å gjere verda til ein betre stad for alle.

Les mer
Fjordane folkehøgskule Fjordane folkehøgskule

Opne rom

På Fjordane er trenings-, øvings, -arbeids og klasseromma opne frå tidleg om morgonen til seint om kvelden - kvar dag!

Les mer
linjer Fjordane folkehøgskule linjer Fjordane folkehøgskule

Variert linjetilbod

Fjordane folkehøgskule tilbyr ti linjer skuleåret 2023/2024. Her er noko for ein kvar smak og interesse, og vi har elevar frå heile Noreg - og nokre frå utlandet.

Les mer
skulebygg Fjordane folkehøgskule skulebygg Fjordane folkehøgskule

Store rom på internatet

Det er godt å ha mykje plass når du skal dele rom med ein heilt ny person. På Fjordane har vi nokre enkeltrom, men flest dobbeltrom.

Les mer
Fjordane folkehøgskule Fjordane folkehøgskule

Turglade lærarar

Lærarane våre har mange talent og interesser, men det er ein ting fleire av dei har til felles: dei elskar å vere ute på tur! I sol eller regn, sommar som vinter. Om dei i tillegg får lage mat på bål, blir dei ekstra glade!

Les mer
skulebygg Fjordane folkehøgskule skulebygg Fjordane folkehøgskule

Bønna kaffibar

Fjordane har sin eigen kaffibar der du kan velje mellom espresso, kaffe latte, cappuchino og andre nydelege kaffidrikkar. Vi har vår eiga barista kaffimaskin - og lærarane har vore på kurs!

Les mer
hest Fjordane folkehøgskule hest Fjordane folkehøgskule

Skulehestane våre!

Du og skulehesten knyter sterke band og får eit heilt unikt partnarskap de ikkje kjem til å gløyme!

Les mer
Fjordane folkehøgskule Fjordane folkehøgskule

Einaste linja i landet!

På den eine sida kan du nyte fjellet på topptur, køyre puddersnø på ski, overnatte i snøhole og under stjernehimmelen - samtidig som du lærer om tryggleik, førstehjelp og får trening i søk og redning saman med Røde Kors.

Les mer