Konfirmasjon, dåp og bryllaup

Vi dekker opp matsalen med kvite dukar og det finaste dekketøyet vårt, og gjer peisestova klar til hyggjeleg samvær. Dei flinke kokkane våre sørger for nydeleg selskapsmiddag!

Dette kan vi tilby

Lokaler
- Inntil 90 gjestar til middag.
- Vi sørger for bord med kvite dukar, kvite serviettar, dekketøy, lysestakar m/kvite lys og enkel blomepynt.
- Leige av matsal og peisestove heile dagen. Det er mogleg å leige desse lokala over fleire dagar.

To eller tre rettars meny
De kan setje saman dei ulike rettane slik at de får den menyen de tykkjer passar best til dagen. Om de har spesielle ønsker prøver vi å imøtekome dette i samarbeid med dykk. All mat er heimelaga og er basert på norske mattradisjonar, ofte med ein lokal Nordfjord-vri.

Menyforslag
Forrettar
- Valfri suppe
- Lefserullar
- Melon med skinke

Hovudrettar
- «Sosakjøt» - kjøtgryte med storfe
- Bakt laks med tilbehøyr
- Skinkesteik med tilbehøyr

Dessertar
- Karamellpudding
- Valfri kake med is
- Lune bær med is

Vi ber om at heile selskapet vel den same menyen til slutt.

Vi legg til rette!
- Vi kan lage kaker, eller de tar med eigne kaker.
- Om de ønsker anna pynt er de hjarteleg velkomne til å ta med dette
(lys, serviettar, blomar, etc).
- Bordplassering og -kort, samt anna pynt av lokalet enn det som ligg i pakken sørger de for sjølve.
- Vi tek sjølvsagt omsyn til allergiar og andre behov, men dette må vi ha beskjed om i god tid på førehand.

Ta kontakt for pristilbod

For at feiringa skal bli slik de håpar, er det naudsynt med tett dialog i forkant. Ta difor kontakt for tilbod.

De er sjølvsagt hjarteleg velkomne til å kome og sjå på lokala på førehand!