Reglement 

  1. Undervisning og arrangement som er ein del av skulen si normale verksemd er obligatorisk.

  2. Det skal vere ro på skulen sitt område etter kl. 23.00.

  3. Det er ikkje høve til å nytte eller oppbevare alkohol på eller rundt skulen sitt område.

    Oppbevaring, bruk eller handtering av narkotiske stoff er ikkje foreinleg med å vere elev ved Fjordane folkehøgskule.

  4. Fjordane folkehøgskule er ein røykfri skule, og det er ikkje høve å røyke på skulen sitt område.

  5. Vi ventar at elevane oppfører seg – også i skulen sitt nærområde, på ein måte som verken skjemmer ut deg sjølv eller gir skulen dårleg omtale.

    Brot på ein eller fleire av skulen sine grunnreglar kan føre til at du misser skuleplassen din.

Last ned reglande som pdf

IMG_6929.jpg