Verdigrunnlag

Fjordane folkehøgskule skal gjennom ein meiningsfull kvardag utfordre elevar og tilsette til å vere ansvarlege deltakarar i eit berekraftig fellesskap. Vi skal saman skape vårt beste år gjennom utvikling, glede og vennskap.

#skapdittbesteår (Instagram)

Framsidebilde+livsstilsendring.jpg

Fjordane Folkehøgskule er ein frilynt skule. Det betyr at skulen er uavhengig av livssyn og at vi gir eit pedagogisk tilbod på ein brei humanistisk etisk grunn. Vi ønsker alle elevar velkomne uavhengig av livssyn, etnisitet, legning, kjønn, alder, politiske haldningar, sosioøkonomisk bakgrunn og funksjonsevne. Hos oss møter menneske kvarandre i openheit og respekt på ein fordomsfri måte.

Skulen søkjer å vere ein formidlar av Grundtvigske verdiar. Vi trur på samtalen som den viktigaste reiskapen til samhandling og forståing og vektlegg spesielt at skulen skal vere ein del av lokalsamfunnet.

Les meir om kva folkehøgskule er på Folkehøgskolene sine nettsider.