Livet på Fjordane

Sjølv om du søkjer på ei spesifikk linje, består kvardagen på folkehøgskule av mykje meir. Gjennom fellesfag og valfag får du lære og prøve eit mangfald av aktivitetar i løpet av skuleåret.

Følg oss på sosiale medium!

Instagram, Facebook, TikTok og YouTube får du i eit innblikk i livet frå dag til dag!

@fjordanefhs
#fjordanefhs
/fjordanefhs

Instagram akkurat no:

Skuleveka
Ei vanleg veke på Fjordane folkehøgskule har stort sett fem dagar med linjefag. På linjene har du variert undervisning, som kan gå føre seg både inne og ute. Kvar ettermiddag er det fleire valfag du kan velje å vere med på. Laurdagane blir brukt til linjefag ein gong i månaden, resten av laurdagane har vi fellesfag. Veka startar alltid med infotime på måndag morgon. Då er heile skulen samla til ein fellestime som tar føre seg ulike viktige tema. Kvar veke har vi også eit paviljongmøte, der alle som bur på paviljongen har ei samling i lag med sin faste paviljonglærar. Der kan ein ta opp utfordringar og problem på paviljongen, eller berre ta ein prat om dagleglivet. Vi har også noko som heiter klassens time, der kvar klasse har går gjennom veka med sin lærar.

vennskap.jpg

Ein typisk dag…

På vekedagane startar frukosten kl. 08.00. Deretter går vi til morgonsamling 08.30 og dagen er i gang. Etter at vi har fått ein start på dagen samla, går alle til sine linjer og startar med linjefag. Det er litt ulikt frå linje til linje når ein er ferdig for dagen, men alle linjene har minimum fire timar undervisning kvar dag.

Etter undervisning et vi middag i lag klokka 16.00. Ettermiddagen kan vere fylt med valfag, aktivitetar som stipendiatane dreg i gang, trening, film eller andre sosiale aktivitetar. Peisestova er ofte eit naturleg samlingspunkt, der du kan spele spel, biljard, strikke eller berre vere sosial med vennene dine. Kveldsmat blir servert kl.20.00. Kvar kveld har ein av lærarane tilsyn og er tilgjengeleg for elevane. Det er godt å vite at du alltid har ein du kan snakke med.

Valfag
Valfag er små tilleggsfag du vel sjølv. Vi har eit stort spenn i utval av fag du kan prøve deg på, fag som skil seg frå det du elles arbeider med på linja di. Sjekk ut valfagsida for å sjå noko av det du kan velje mellom. Valfagstilbodet kan endre seg noko frå år til år, avhengig av lærarstaben.

IMG_0268.jpg

Leve saman…

Sjølv med eit mangfald av aktivitetar og erfaringar gjennom året, er livet på internatet den største og ofte mest lærerike biten. Det å bu tett på andre menneske, og å heile tida ha vennene sine tilgjengeleg gir unike erfaringar som vi trur alle lærer mykje av og kan ta med seg i resten av livet. Folkehøgskulen blir eit eige lite samfunn, der du og dine medelevar kjem tett på kvarandre og delar det aller meste. Slikt blir det livslange venskap av.

Fellesfag
I tillegg til linjefag og valfag står fellesfag på timeplanen. Fel­les­fa­ga er ein vik­tig arena for å møtast på tvers av linjene. Dette er fag alle ele­vane har i lag, og som både utford­rar og engasjerer. Fellesfag kan vere alt i frå seminar, prosjektarbeid på tvers av linjene og aktivitetsdagar, til lokale turar og elevkveldar.

Folkehøgskolene er starten på noe som varer hele livet. Stortinget bevilger penger til folkehøgskolene rammene for god drift må vi kjempe for.

Folkehøgskolene er starten på noe som varer hele livet. Stortinget bevilger penger til folkehøgskolene rammene for god drift må vi kjempe for.