Halvårskurs vår/haust

Halvtårskurs – mykje oppleving på kort tid

Har du lyst å kjenne på folkehøgskulelivet, men har berre eit halvt år å ta av?
Hos oss på Fjordane folkehøgskule kan du bli med på alle linjene våre, enten du kjem til hausten eller våren.

Kanskje skal du i militæret i januar, skal ut å reise på våren eller kanskje planen din berre snudde litt? Uansett grunn, eit halvt år hos oss kan gi deg akkurat det du treng: eit pusterom, nye vener og ei oppleving for livet.

Vi har plass til deg som vil bli med i berre eitt semester – og du blir ein fullverdig del av fellesskapet frå første dag. Sjekk ut linjene våre og finn det som passar for deg!

👉 Det er eigne prisar for halvtårskursa.
👉 Søknadsfristen er rullande – så det er berre å søke!

Finn di linje

Neste
Neste

Ride- og køyresport